Grunngjeving for målet
Det er planar for å auke og modernisere kapasiteten i åra som kjem. Tilstrekkeleg postoperativ kapasitet og kapasitet for intensivbehandling, er vesentleg for å handtere veksten i kirurgi.
For å vere rusta for beredskapssituasjonar har vi oppdaterte planar for korleis sjukehuset kan utvide intensivkapasiteten både når det gjeld areal, utstyr og kompetanse.
Det er potensial i å bruke operasjonsstover og -personell betre gjennom døgnet og veka. Endra oppgåvedeling og nye bemanningsløysingar er vesentlege for å få til dette. Det er nødvendig å ta i bruk fleire typar kompetanse for å sikre tilstrekkeleg kapasitet både på operasjonsstovene og i postoperativ- og intensivfunksjonen. Utviding av postoperativ kapasitet kan også bidra til å auke dagkirurgisk aktivitet ved sjukehuset.
Prioritering av ressursane til dei rette pasientane vil bli viktigare i operasjonsverksemda i åra som kjem. Prioritering i form av kva behandling vi skal tilby må til, når utviklinga aukar behovet og moglegheitene i det kirurgiske tilbodet ved regionsjukehuset. Prioriteringa må skje innan og på tvers av fagområda, både på systemnivå og i det daglege. Kloke val for å hindre overbehandling er viktig også i operasjonsverksemda.
Kor finn du tiltaka?
Tiltak for å nå målet må utarbeidast i dei opererande nivå 2- einingane sine handlingsplanar. I
Handlingsplan for overvakings- og intensivkapasitet 2020-2025 (intern lenke) ligg det fleire tiltak som er vedtekne og finansiert. Også arealdelplanen (PDF) og kompetansedelplanen inneheld tiltak for å vidareutvikle operasjons-, overvakings- og intensivkapasitet i sjukehuset.
Korleis veit vi at vi er på rett veg?
- Knivtid per operasjonsstove aukar
- Tal for stryking av operasjonar er i tråd med nasjonal målsetting
- Gjennomsnittleg tid frå indikasjon til start operasjon er i tråd med nasjonal målsetting
- Personell med anna fagbakgrunn enn spesialsjukepleiarane aukar i intensiv- og operasjonseiningane
-
Pasienterfaringar (intern lenke) viser at pasientane er fornøgde med operasjons-, intensiv- og overvakingseiningane
-
ForBedringsundersøkelsen (intern lenke) viser gode resultat for arbeidsmiljø og pasientryggleik