Slik skriv vi i Helse Vest
Offentlig ansatte har et spesielt ansvar for å skrive så både pasienter og medarbeidere forstår. Derfor satser vi på klarspråk i Helse Vest.
Språkprofil - slik skriv vi i Helse Vest
Språkprofilen er laga som ei praktisk rettleiing, og visar korleis vi skal skrive i Helse Vest. Språkprofilen gjeld for deg som skriv til pasientar og pårørande, til fagpersonar og internt i Helse Vest.
Vi skal bruke klarspråk i alle tekstar, slik at lesarane våre forstår oss og føler at dei blir varetekne.

Språkplan for Helse Vest 2025-2035
Føretaka i Helse Vest skal jobbe systematisk og målretta med skriftleg kommunikasjon, både internt og eksternt. Språkplanen presenterer hovudmålet for arbeidet, og tiltak for nå målet.
Føretaka i Helse Vest skal prioritere språkopplæring av medarbeidarar, og å forbetre den skriftlege kommunikasjonen i pasientinformasjon, rekrutteringsarbeid og digitale tenester.
Språkplanen er styrebehandla i Helse Vest RHF 18. desember 2024. Den er også behandla av direktørmøtet i Helse Vest 2. desember 2024.
Kva er klarspråk?
Klarspråk
- fremmar tilliten pasientane har til oss
- gjer det lettare å samarbeide på tvers av fag
- minskar faren for feil og misforståingar
- sparer tid og pengar