Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av en sirkel med seksjoner i mange forskjellige farger

Samfunnsansvar i sjukehuset

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringar innan 2030. Det er til saman 17 mål innanfor kategoriane klima og miljø, økonomiske og sosiale forhold.

Helse Bergen er ei stor verksemd, målt i både aktivitet, økonomi og tal på tilsette. Sjukehuset har stor påverknad på sine omgjevnadar på mange ulike vis, og saman med dette følgjer det ei forplikting om at vi skal opptre som ein ansvarleg aktør.

For spesialisthelsetenesta handlar samfunnsansvaret om korleis vi løyser vårt samfunnsoppdrag i samspel med andre, og korleis vi arbeidar for at vår verksemd i minst mogeleg grad skal ha negativ påverknad på menneske, miljø og samfunn.

Statens mål som eigar er at verksemder i spesialisthelsetenesta drifter berekraftig og effektivt oppnår helsepolitiske mål. Ein vanleg definisjon av berekraftig utvikling er: «Ei utvikling som varetar dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov.»

Staten har utarbeidd Eierskapsmeldingen (regjeringen.no) som inkluderer ambisjonar, mål og strategiar innan sosiale forhold, miljøforhold og økonomiske forhold. Det er balansen og samspelet mellom desse tre faktorane som avgjer om verksemda er berekraftig eller ikkje.

For spesialisthelsetenesta finst det eit rammeverk for samfunnsansvar som særleg er retta mot forholda i sjukehuset, og vi lager kvart år ein rapport som oppsummerer arbeidet med samfunnsansvar.

Sist oppdatert 06.09.2024