Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Papirmenneskefigurer i svart på rekke mot blå bakgrunn. Illustrasjonsfoto

Helse og arbeid

​Er du sjukemeldt, står i fare for å bli det, eller har gjentakande sjukemeldingar? Helse og arbeid er eit tilbod for personar med muskel- og skjelettlidingar, eller personar med samtidig muskel- og skjelettliding og vanlege psykiske lidingar. Tilbodet er for arbeidstakarar og for dei som er i skule- og utdanningsløp.​

HelseIArbeid er ein del av tilbodet Helse og arbeid, og er eit samarbeid mellom helsetenesta og NAV. Føremålet er å gje rask tilgang på individretta tverrfagleg utgreiing og arbeidsfokusert avklaring. Fastlegen eller andre med tilvisingsrett kan tilvise deg.

Tidleg avklaring vil gje auka moglegheit for meistring og retur til arbeid eller skule. Sannsynlegheita for å komme tilbake til arbeid reduserast betydeleg etter berre 2-3 månedar med sjukefråvær, og reduserast jamnleg etter dette. Derfor er det viktig å raskt fange opp og bistå dei som står i fare for langtidsfråvær. 

 


Kva kan vi tilby av utgreiing og behandling?


Somatikk: Muskel- og skjelettlidingar

  • Utgreiing av fagperson-/ar ved ReHabiliteringsklinikken. Teamet består av lege, fysioterapeut og sjukepleiar. Kven og kor mange du møter er avhengig av problemstilling og behov.
  • Kartlegging av arbeidsstatus, arbeidsfunksjon og hindringar for arbeid-/ studiedeltaking
  • For aktuelle pasientar; individtilpassa oppfølging i gruppe som inneheld arbeidsfokus
  • For aktuelle pasientar; individuell oppfølging med tiltak for å komme tilbake i jobb/studiar

Arbeidsretta behandling; jobbfokusert terapi ved depresjon og angstlidingar

ReHabiliteringsklinikken og Bjørgvin DPS samarbeidar om heilskapleg arbeidsretta behandling for pasientar som har samtidige helseutfordringar innanfor muskel-skjelettlidingar og psykisk helsevern. Det betyr at du kan få tilbod om arbeidsretta behandling ved begge klinikkar samtidig dersom du har angst eller depresjon i tillegg til muskel-skjelettlidingar.​

Arbeidsretta behandling handlar om å integrere arbeidsfokus i behandling av vanlege psykiske lidingar. Dette tilbodet er for personar som har symptom på angst, depresjon, stressplager og/eller utbrendheit, og er sjukemeldt. I behandling fokuserar vi både på pasienten sine ressursar og hindringar, og forsøker å få til stegvis og planmessig retur til jobb.

Med "Hjelp deg selv​" kan du lære meir om korleis redusere psykiske vanskar. 

Samarbeid helsetenesta og NAV

NAV rådgjevar er lokalisert ved ReHabiliteringsklinikken på Nordås, og kan ved behov kartlegge situasjonen om noværande arbeidssituasjon og eventuelle behov for å byte jobb. NAV rådgjevar kan avklare behov for bistand frå NAV, arbeidsgjevar eller andre samarbeidspartnarar. Dei kan vidare avklare moglegheitene dine for å stå i jobb på tross av helsemessige begrensingar.

Korleis går eg fram?

Det er fastlegen din, eller andre med tilvisingsrett, som kan tilvise deg til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Tilvisinga blir vurdert av legespesialist som, på bakgrunn av prioriteringsveiledaren for fysikalsk medisin og rehabilitering, vurderar om du har rett til utgreiing ved poliklinikken. 

Sjekkliste for tilvising finn du her

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad: Nordåsgrenda 4, 5235 Nordås

Telefon:  55 97 50 00

E-post: postmottak.rehab@helse-bergen.no​​​

Sist oppdatert 15.03.2023