Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasient- og brukarombod

Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasientars behov, interesser og rettssikkerheit. Ombodet jobbar også for å betre kvaliteten i helsetenesta.

​​​​​Du kan kontakte Pasient- og brukarombodet om du:

  • ikkje får oppfylt rettane dine som pasient og pårørande
  • er misnøgd med helsehjelpa
  • ønskjer bistand til å løyse konfliktar
  • ønskjer råd og rettleiing
Ombodet kan gi meir informasjon om pasientrettar og / eller hjelpe deg ved eventuell klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE).
Pasient- og brukarombodet har teieplikt og hjelpa er gratis. Du kan vere anonym.
 
Du kan kontakte pasientombodet i fylket der du bur, uavhengig av kor i spesialisthelsetenesta du har fått helsehjelp.
 

Kontaktinfo​​rmasjon

Telefon: 55 21 80 90
Telefontid: Kl. 09.00-11.00 og kl. 12.30-14.30
E-post: hordaland@pasientogbrukerombudet.no
Adresse: Zander Kaaes gate 7, 5015 Bergen.


​Finn meir in​formasjon

Brukarmedverknad

Pasientar og pårørande har verdifulle erfaringar i bruk av helsetenestene. Desse erfaringane er viktige for sjukehuset i utforming av våre tenester. Her får du ei oversikt over sentrale aktivitetar hos oss.
Organisering og aktivitetar innan brukarmedverknad
Brukarmedverknad i Helse Bergen
Sist oppdatert 02.02.2022