Kvalitet og kvalitetsindikatorar

Helsemyndigheitene ønsker at pasientar, pårørande og publikum skal få betre kunnskap om kvaliteten på behandlinga i helsetenesta. Derfor kan alle innbyggjarane i Norge gå til kvalitetsindikatorane på www.helsenorge.no for å finne ut meir om kvaliteten på sjukehusa i landet.

Openheit om kvalitetsindikatorane er viktig for både pasientar, helsetenesta og helsemyndigheitene. Det er viktig at pasientane har informasjon om kvaliteten i tenesta og at helsetenesta bruker dette i sitt forbedringsarbeid.

Når det gjeld kvalitetsindikatorane så blir kvalitet på tenestene definert som tenester som er:

  • Virkningsfulle
  • Trygge og sikre
  • Involverer brukar
  • Samordna og prega av kontinuitet
  • Utnyttar ressursar
  • Tilgjengelege og rettferdig fordelt

 

Kor finn eg kvalitetsidikatorane?

Du finn oversikta over alle kvalitetsindikatorane for Haukeland universitetssjukehus og alle andre sjukehus på helse-norge.no

Her kan du samanlikne sjukehus mot sjukehus og regionar mot regionar. Du kan finne konkrete tal og lage tabellar og diagram som gjer tale lettare å forstå.  Resultata blir oppdaterte jamnleg.

 

Kva er ein kvalitetsindikator?

Ein kvalitetsindikator er eit indirekte mål, ein peikepinn, som seier noko om kvaliteten på det som blir målt.  Kvalitetsindikatorane kan for eksempel måle helsetenesta sine tilgjengelege ressursar, pasientforløpet og resultatet av helsetenestene for pasientane. Kvalitetsindikatorane  bør sjåast i sammanheng og kan samla gi eit bilde av kvaliteten i tenestena.

 

Tolk med varsomheit

Tolkinga av kvalitetsindikatorane  kan vere komplisert. For eksempel kan det sjå ut som om ein behandlingsstad med høg dødelighet blant pasientane har dårleg behandlingskvalitet, mens det faktisk kan være heilt motsett. Ein årsak kan vere at denne behandlingsstadent kan ha den beste kompetansen, slik at dei andre behandlingsstadene dirfor henviser dei sjukaste pasientane dit.

Når ein tolkar tala er det difor viktig å hugse at behandlingsstadene har ulik kompetanse på forskjellige områder, og at dette ofte avgjer kvar pasientane blir behandla