Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fristbrot

Pasientar som blir tilvist til spesialisthelsetenesta, skal motta brev frå sjukehuset om du har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje.

Dei som har rett til nødvendig helsehjelp, får eit brev med ein fristdato for start av helsehjelp; utgreiing (ved uavklart tilstand) eller behandling (avklart tilstand), og når denne seinast skal starte.

Dersom fristen du har fått for utgreiing eller behandling nærmar seg utan at du har fått innkalling til time, ta kontakt med sjukehuset for å etterlyse denne. 

Om fristen er passert utan at utgreiinga / behandlinga har starta, skal sjukehuset kontakte Helfo pasientformidling for deg. Denne eininga har ansvar for å skaffe behandlingstilbod hos eit anna offentleg eller privat sjukehus, også i utlandet om nødvendig.

Barn og unge under 23 år som har ei psykisk liding og / eller er rusavhengige, skal ikkje ha lenger frist enn 65 yrkesdagar før utgreiing eller behandling startar.

Sist oppdatert 31.05.2023