Snart vert grunnsteinen for protonsenteret lagd ned
19. april 2022 legg helseminister Ingvild Kjerkol ned grunnsteinen for protonsenteret ved Haukeland universitetssjukehus. Dette er ein viktig milepæl for kreftpasientar landet over. Og du er invitert!
Protonbehandling er ein meir presis og skånsom form for strålebehandling. Den gir mindre biverknader på kort og lang sikt, og gjer at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom.
Ein viktig milepæl
19. april 2022 vert grunnsteinen til protonsenteret ved Haukeland universitetessjukehus lagt ned. På grunnsteinsnedleginnga deltek helseminister Ingvild Kjerkol saman med pasient, behandler og ein rekke samarbeidspartnarar.
Du kan følge seremonien direkte frå klokka 12.15 på Vimeo
Grunnsteinsmarkeringa foregår fra 12.15 - 13.45. Du kan også følge det opne seminaret om proton som foregår frå klokka 14.00 - 15.00. Velkommen med!
Det vil også bli mogeleg å sjå opptaker etterpå.