- I Albert sitt tilfelle ville kirurgi medført eit stort handicap som ville gjort at han aldri ville kunne spele fotball, eller kanskje aldri løpt igjen.
Overlege Ivar Hompland ved Radiumhospitalet gjorde valet om å sende Albert til protonbehandling i Tyskland saman med kollegaer, Albert og familien. Dette var eit val for framtida.
- Protonbehandling handlar om kva liv ein skal leve etter at ein er ferdig med kreftbehandling.
Albert: Frisk med protoner from Haukeland University Hospital on Vimeo.
Protonbehandling er ein mer presis og skånsom form for strålebehandling. Behandlinga kan derfor gi færre langtidsskadar frå strålebehandling. Dette bidrar til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom.
Protonbehandling er under etablering ved Haukeland universitetssjukehus og Radiumhospitalet i Oslo. Behandlinga blir tilgjengeleg i Noreg i 2024.
Ein viktig milepæl
19. april 2022 vert grunnsteinen til protonsenteret ved Haukeland universitetessjukehus lagt ned. Helseminsiter Ingvild Kjerkol deltek.
Du kan følge seremonien direkte frå klokka 12.15 på Vimeo