i Haukelandsbakken stå ferdig. Mellom 10 – 15 prosent av pasientene som i dag får tradisjonell strålebehandling, vil ha betre nytte av den nye formen for stråleterapi. Dette utgjer 1000-1500 pasienter pr år.
Då slepp onkolog Tor-Christian Aase Johannesen å sende sine protonpasientar til utlandet slik han måtte gjere med Knut-Helge Nesse (25). Saman fortalde dei si historie for forsamlinga.
- Eg hadde vondt i hovudet, det var plagsamt når eg las. Jus-studiar er vanskelig nok frå før, så eg gjekk til legen, for dette måtte eg bli kvitt, fortel Nesse.
Etter utgreiing både på Lillehammer og i Oslo vart det klart at Knut-Helge hadde ein sjeldan svulst i hovudet. Behandlinga ville han helst ha i Bergen, nær heimen på Sotra.
- Saman med kirurgane vart vi einige om å operere ut så mykje som mogeleg før vi vurderte vidare behandling. Under operasjonen såg ein at svulsten lå slik til at det var vanskelig å få bort alt utan å risikere ein større bløding. Vi fann ut at protonstråling var det rette for å fjerne restane og valde dette for og med Knut-Helge, fortel Aase Johannesen.

- Eg vart frisk! For eit år sidan var han ferdig behandla. Saman med legen sin Tor-Christian Aase Johannesen fortalde Knut-Helge Nesse si historie om protonbehandling i Tyskland.
På dagen for grunnsteinsnedlegginga er det eit år sidan Knut-Helge var ferdigbehandla i Heidelberg i Tyskland.
- Eg var der i 50 dagar for å få behandling. Det kunne ikkje gått betre. Då eg kom heim var det ikkje spor av svulsten. Eg vart heilt frisk, og er ufatteleg glad for at eg fekk moglegheita til å få protonbehandling, fortel Nesse.
Samstundes legg han ikkje skul på at det var tøft å skulle reise ut for å få behandling – midt under ein pandemi – og midt i ei krevjande sjukdomsfase.
- Eg skulle gjerne unngått den ekstra belastninga det er å reise ut av landet midt i behandlinga. Det er svært bra at protonbehandling no kjem til Bergen og Noreg, seier Nesse.
- Eg er glad for at vi kunne tilby protonbehandling til Knut-Helge. Det minimerte risikoen for å påføre han skadelege biverknader. No ser vi fram til å kunne tilby dette til fleire pasientar her ved protonsenteret her i Haukelandsbakken.
Ein merkedag
- Når statsråden i dag legg ned grunnsteinen for protonsenteret, legg ho òg grunnsteinen for mykje ny kunnskap. Dette er viktig for pasientane, i tillegg er det motiverande for fagfolka - og for oss alle, i stort, sa Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest om det komande protonsenteret i Bergen.
- Det er ei stor ære å få vere her i dag, dette er ein merkedag. I Kreftforeningen snakkar vi om at eit redda liv også skal levast – og nettopp derfor er det så viktig at vi får protonbehandling til Noreg, ei behandling som gir færre langtidsbivrknader og seinskader, sa leiar Ingrid Stenstadvold Ross.

- Det er ei stor ære å få vere her i dag, dette er ein merkedag, sa leiar Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen. Ho deltok i samtale med Morten Reymert, leiar av den nasjonale styringsgruppa og viseadmministerende direktør ved Oslo universitetssykehus, Gottfried Greve frå UiB, rektor Gunnar Yttri ved HVL og Inger Cathrine Bryne,administrerande direktør i Helse Vest.
Stenstadvold Ross er også opptatt av kva det komande protonsenteret vil ha å seie for pasientar si deltaking i kliniske studiar.
- Her er det bestemt at 75 prosent av pasientane skal delta i kliniske studier, og det er vi veldig glade for. Så veit vi at i dag er det slik at deltaking i kliniske studiar er svært varierande alt etter kor i landet pasientane bur. Protonsenteret skal vere for pasientar frå heile landet, og mi oppmoding til dykk her i dag er derfor at pasientar frå heile landet også må inkluderast i dei kliniske studiane.
Morten Reymert, viseadministrerande direktør OUS og leiar av nasjonal styringsgruppe kunne forsikre Stenstadvold Ross om at dette vil skje. Han framheva det gode samarbeidet i det nasjonale virksomheitsprosjektet.
Eit behandlingstilbod for alle
Det vert no bygd to protonsentre parallelt i Noreg, eit ved
Radiumhospitalet i Oslo og eit ved Haukeland universitetssjukehus. Saman skal dei ta i mot pasientar frå heile landet.

Ordfører i Bergen, Rune Bakervik, la dagens utgåver av Bergens Tidende og Bergensavisen som tidsvitne i grunnsteinen. Sjølv om desse er lokale forsikra han forsamlinga om at Bergen vil ta godt i mot protonpasientar frå heile landet.
- No skal de her i Vest fullføre bygget, og i samarbeid med oss andre, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, ta norsk kreftbehandling eit viktig steg inn i framtida, avslutta Kjerkol.

Leiar i Barnekreftforeninga, Trine Nicolaysen, la Gullsløyfa, det internasjonale symbolet for kreft blant barn og unge, i grunnsteinen.

Ringen er slutta: Hans Petter Eikesdal er direktør ved avdeling for medisinsk fysikk og kreftbehandling i Helse Bergen. Han la ein porselensring i grunnsteinen. Dette er ein del av akselerasjonsrøret til van de Graaff generatorane som var i bruk i Bergen frå 40-talet.

Odd Harald Odland respesenterte dei tilsette ved å legge doseplanar for foton og proton i grunnsteinen.

En trio fra Kvinneklinikken stod for den musikalske åpninga; Anne Veddeng, Martha Vadset og Sigrun Skjælaaen Dahl sang If you ever really loved a woman.