Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontakt mellom tilsette og media

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus skal vere open for innsyn og tilgjengeleg for media.

Omsynet til pasientar og pårørande (helsearbeidarar si teieplikt) og den rolle og vekt helseekspertar blir tillagt i den offentlege debatten, gjer at alle tilsette må ha ei gjennomtenkt haldning til kva dei uttalar til media i rolla som helsearbeidar.

Det er viktig å hugse at media også omfattar sosiale media. Det er inga skilnad på å publisere noko på eigen Facebook-vegg, eigen blogg eller eit lesarinnlegg i Bergens Tidende.

Retningslinjene gjeld for alle tilsette som blir kontakta av journalistar, på eige initiativ tar kontakt med media eller publiserer bilde og tekst på private medieflater.

FØREMÅL

Målet er at omverda gjennom media skal få:

  • kjennskap til dei behandlingsmoglegheiter vi tilbyr
  • få del i den kunnskap vi forvaltar
  • få innsikt i dei utfordringar vi står overfor
  • få eit balansert og realistisk bilde av verksemda

TALSPERSONAR

Offisielle talspersonar for helseføretaket er styreleiar, administrerande direktør, viseadministrerande direktør og kommunikasjonsdirektør. Divisjons-, klinikk-, stabs- og avdelingsdirektørar er talspersonar for sine respektive fag- og styringsområde.

Leiarar uttalar seg om saker under eige ansvarsområde, medan fagpersonell kan uttale seg om sitt spesielle fagområde.
Tillitsvalde og verneombod uttalar seg om det dei meiner er relevant for deira roller.

Kommunikasjonsavdelinga skal informerast om mediesaker der tilsette blir bedt om å uttale seg på vegne av sjukehuset. Dette punktet er ikkje meint som sensur av nokon, men er viktig for å sikre at Kommunikasjonsavdelinga, som er fagavdeling innanfor dette området, til ei kvar tid har god oversikt over den mediekontakten som skjer. 

Dette gjeld ikkje berre negative saker. Like viktig er det å få ei oversikt og samordning av dei positive sakene.

STORE MEDIESAKER

Administrerande direktør og kommunikasjonsdirektør skal varslast omgåande når det er hendingar eller saker som kan få stor merksemd i media.

Kommunikasjonsavdelinga har ansvar for å leggje til rette for at media får ei moglegheit til å bringe føretaket sitt syn på saka.
Kommunikasjonsavdelinga er ansvarleg for å koordinere media sin kontakt med ulike personar og avdelingar i vanskelege mediesaker. Det er viktig at kontakten går via ein person/ei avdeling for å sikre ei god samordning av det som blir uttala på vegne av sjukehuset.

Kommunikasjonsavdelinga skal vere tilgjengeleg for medierådgiving til personar som skal ha kontakt med media. Det kan dreie seg om rådgiving i samband med bodskapsutforming, timing, medieval eller medietrening på førehand av intervju om vanskelege tema.

INTERNE FORHOLD OG VARSLING  

Tilsette som meiner avgjerder eller handlingar er uforsvarlege når det gjeld pasientbehandling, tilsette sine arbeidsforhold eller liknande, har plikt til å ta dette opp internt. Media er ikkje rette kanal for å ta opp kritikkverdige forhold i første omgang. Det er eigne interne retningslinjer for varsling.

TILSETTES YTRINGAR

Desse retningslinjene skal ikkje avgrense ytringsfridomen til den enkelte medarbeidar som privatperson eller som tillitsvald. Anten ein skriv sjølv eller lar seg intervjue, må det likevel gå klart fram om ein uttalar seg på vegne av føretaket, som tillitsvald eller som privatperson.
 
Mange tilsette i sjukehuset har kunnskap, innsikter og erfaringar som har verdi i samfunnsdebatten og som det er viktig å få fram.
Det er viktig å skilje mellom ytringar som fagperson på vegne av sjukehuset og private ytringar gjennom korleis ein presenterer ytringane sine i til dømes avisinnlegg eller bloggar.

Som fagperson: Kronikkar og debattinnlegg av fagleg karakter bør signerast med namn og eventuelt posisjon og arbeidsstad – og i denne rekkefølgja.

Som privatperson: Ytringar som ikkje har med utøvinga av fag/yrke i føretaket å gjere, eller som er private, politiske synspunkt på helsepolitikk, bør signerast med namn, eventuelt yrke og bustad. (eksempel: Anne Olsen, sjukepleier, Bergen)
Dette er viktig for ikkje å forvirre eller gjere pasientar utrygge på kva som er det offisielle standpunktet til sjukehuset og kva dei kan forvente i møte med sjukehuset.

SOSIALE MEDIA

Internett har gjort «alle» til redaktørar og det gir oss eit stort ansvar. Det er positivt at tilsette er aktive i ulike sosiale media, men det er viktig å hugse kor grensa går mellom privatperson og rolla som arbeidstakar.
Som privatperson må du unngå å bruke logo, arbeidsantrekk eller på annan måte gi inntrykk av at ei side på eit sosialt medium representerer ein offisiell kanal for sjukehuset.

Ikkje publisér bilde av kollegaene dine i arbeid eller frå arrangement i regi av sjukehuset utan at den det gjeld har samtykka.

I krisesituasjonar er det beredskapsleiinga som skal informere, også i sosiale media.

Hugs teieplikta. Det finnes ikkje nokon "indre krets" på sosiale media. Det er ikkje lov å diskutere pasientar i sosiale media, heller ikkje formidle informasjon eller historier som kan identifisere pasientar eller pårørande. Tenk godt igjennom kva du formidlar frå eigen arbeidsplass.

Ikkje publiser et bilde av en pasient på nett, uansett relasjon. Dette gjeld også bildetenester som Instagram og Snapchat.

Unngå kontakt med pasientar og/eller pårørande på di personlige side i sosiale media. Det kan vere vanskeleg å avslå ein førespurnad om kontakt. Her er forslag til tekst som kan tilpassast og nyttast.

Takk for førespurnad om kontakt her på <(namnet på sosialt medium)>. Dessverre må eg avslå tilbodet ditt. Det kan enkelte gonger vere  vanskeleg  å gjere gode, faglege vurderingar og behandling til nokon ein også har personleg kontakt med utanom jobben. Dei tilsette i sjukehuset blir på generelt grunnlag rådd frå å ha noverande eller tidlegare pasientar/pårørande som kontaktar på <(namnet på sosialt medium)>. Eg håpar du har forståing for dette. 

PASIENTAR I MEDIA

Medarbeidarar som uttalar seg til media må vere lojale overfor pasientar og pårørande ved å respektere dei rettane dei har, ivareta teieplikta og verne om integriteten til pasientane.

I kontakten med massemedia må føretaket sine medarbeidarar vise spesiell aktsemd når det gjeld opplysningar som kan identifisere pasientar eller pårørande.
Pasientar og pårørande skal skjermast mot uønskt mediekontakt.

Dersom pasientar sjølve ønskjer å la seg intervjue av media, skal tilsette sørgje for å legge forholda til rette for det. I enkelte tilfelle kan legen etter ei medisinsk vurdering, gi råd om at det ikkje er medisinsk forsvarleg at pasienten blir intervjua. Sjukehuset har likevel ikkje rett til å nekte pasientar å la seg intervjue.    
All mediekontakt skal leggjast til rette på ein slik måte at det ikkje er til hinder for drifta eller til sjenanse for andre pasientar / pårørande.
Det er leiaren på den aktuelle avdeling/post som kan gi løyve til besøk av media.

FOTO/VIDEO

Både aviser, tidsskrift og TV ønskjer bilde til saker dei tar opp. Pasientane sjølve avgjer om dei vil la seg fotografere / filme, og ordningane er dei same som for intervju (sjå over).
Av omsyn til andre pasientar og pårørande, skal ansvarleg leiar på avdelinga avtale korleis fotografering og videofilming kan skje.

Enkelte gonger ønskjer media illustrasjonsfoto knytt til spesielle behandlingsmetodar, avdelingar eller liknande der pasientane skal vere anonyme.
På bakgrunn av enkelte uheldige erfaringar der pasientar har blitt kjende igjen, skal avdelingane berre tillate denne typen illustrasjonsfotografering dersom ansvarleg representant for avdelinga får godkjenne dei bilda som skal brukast.

TEIEPLIKT

Teieplikta til dei helsetilsette er lovfesta i Lov om helsepersonell og i Lov om pasientrettigheter. Det hender at pasientar og/eller pårørande gir helsepersonell fritak frå teieplikta. Eit slikt fritak må gjelde all relevant informasjon og skal så langt råd er, ikkje avgrensast til eitt medium.

Det er laga eit standardformular for fritak som ligg tilgjengeleg på nettsidene til sjukehuset.

Om pasienten eller pårørande fritar nokon frå teieplikta, inneberer det likevel ikkje ei opplysningsplikt overfor media. Legar og anna helsepersonell skal gjere ei sjølvstendig vurdering om i kva grad opplysningar skal givast, og kan avslå å gi opplysningar til pressa utan ei nærmare grunngjeving. Omsynet til kva som er til beste for pasienten skal vege tyngst.

ULYKKESINFORMASJON

Frå og med 1. mars 2019 avvikla alle helseføretaka i Helse Vest praksisen med å gi media opplysningar om helsetilstanden til pasientar som har vore utsett for ulukker eller valdshandlingar..

Ved større ulukker, eller i situasjoner der det kan vere spesielt viktig å nå ut til publikum med informasjon, gjeld eigne retningslinjer. 

 

INTERNE FORHOLD OG MEDIA

Sjukehuset har om lag 14 000 tilsette. Opplysningar om tilsette skal også behandlast  konfidensielt. Saker som gjeld forhold mellom tilsette eller mellom tilsett(e) og leiar(ar) høyrer primært ikkje heime i media.

Interne konfliktar skal løysast i tråd med arbeidsmiljølova og gjennom verneombod, eventuelt i samarbeid med tillitsvalde og fagorganisasjonane.

Sjukehuset har eigne retningslinjer for varsling.

KONTAKT KOMMUNIKASJONSAVDELINGA

Kommunikasjonsavdelinga er sjukehuset sin fagressurs på handtering av media og medierelasjonar. Tilsette med medieansvar blir oppmoda til å bruke denne ressursen aktivt. Kommunikasjonsavdelinga arrangerer også interne kurs i mediehandtering for å hjelpe tilsette til å bli tryggare og meir profesjonelle i møte med journalistar.

Kommunikasjonsavdelinga kan treffast på:
55 97 60 00 (dagtid),
958 90 445 (vakttelefon utanom kontortid)
e-post: info@helse-bergen.no

Sist oppdatert 19.04.2024