«Ung mor» av Ingebrigt Vik (1867-1927)

I serien Kunst på Haukeland er vi i dag kome fram til Øysteses store son, bilethoggar Ingebrigt Vik. Vi har her på Haukeland nemleg vårt eige Vik-verk – «Ung mor», datert Paris, 1910.

Publisert 05.07.2022
Sist oppdatert 08.02.2024
Skulpturen
Han skildrar den nakne menneskekroppen i eit mjukt og varleg rytmisk linjespel der kvar detalj er presist formulert og utgjer ein gjennomført samla heilskap av stillferdig ro med undertonar av melankoli. (Norsk biografisk leksikon). Foto: Øystein Fykse
Ingebrigt Vik – son av ein møbelsnikkar i Hardanger. Tidleg sjuk. Ugift. Trass i eit relativt kort liv og ei enno kortare kunstnark​arriere – om lag femten år fekk han som bilethoggar, etter at h​​an som 35-åring bestemte seg for å gå den vegen – vart Vik allereie i si samtid rekna som ein av dei fremste bilethoggarane i landet, og ikkje mindre enn 150 verk står att etter han. 
 
Lenge før dette var det klart at guten skulle arbeide med nevane, først på møbelverkstaden til faren heime i Øystese og allereie rundt 15-års alder byrja han i handverkslære i Bergen.
 
Men læremeisteren hans hjå Hans Johannesens verkstad skjønte at ungguten var etla til noko anna, og oppfordra læreguten sin til å reise til København.
 
17 år gammal byrja han så som svein hjå H.C. Petersens verkstad, der han lærte biletskjering, modellering, marmorhogging, tre- og elfenbeinsskurd.
 
Tragisk nok vart utdanninga avbroten av di han fekk tuberkulose i det venstre kneet.
Operasjonar og sjukehusopphald følgde, og først to år seinare kunne han ta opp att arbeidet, då med stivt kne, noko han måtte leve med resten av livet.
 
I 1892 var Vik attende i Bergen, der han, saman med ein kompanjong, starta Norsk Takrosetfabrik. Fabrikken gjekk godt, og ved sidan av dreiv han sin eigen treskjerarverkstad og laga mellom anna inventar til Christian Michelsens bustad Gamlehaugen, då denne vart reist kring hundreårsskiftet. (Ein bygning som, etter Michelsens død i 1925, vart overteken av Staten. I dag fungerer eigedomen som Hans Majestet Kongens offisielle residens i Bergen).

Vik hadde òg sysla med å lage små figurar i brent leire, og under ei reise til verdsutstillinga i Paris, år 1900, vart han inspirert til å ta det vidare: hans modell til skulpturen «Arbeideren» – hans første større verk, som sto ferdig i bronse i 1901.
 
Den kjente kritikaren Koren Wiberg hadde då allereie slått fast at Vik var Billedhugger og intet andet. Dette skjønte openbert Vik òg, og han selde sin del av takrosettfabrikken og drog til Paris kor han etablerte seg med eige atelier i 1902. Ingebrigt Vik var no 35 år gamal. Mange av hans mest kjente verk blei til der, m.a. «Ung mor» i 1910.
Vik i arbeid, bilde frå

Vik i arbeid: «Som sedvanlig er det livets vår og livets høst jeg befatter meg med, dog nærmest våren. Det er jo at skildre menneskets karakter og vesen der interesserer mig, intet annet.»

Same året, 1910, vendte han nasen heimover. No følgte nokre år med motbør, forbigåingar og vonbrot, skjønt det starta allereie året før, då han var innstilt som professor i skulptur ved Statens kunstakademi, men måtte sjå at Gunnar Utsond var den som i statsråd vart utnemnt til stillinga. 
 
I ei tevling om å lage eit monument over matematikaren Niels Henrik Abel (1902), vann Vik førstepris, men likevel var det Gustav Vigeland som vart valt. Det same skjedde så i ei tevling om eit monument over Camilla Collett (2005) – Ingebrigt Vik vann utkastet, men det vart likevel ikkje tilrådd utført – Vik lagde så eit nytt utkast, men etter fleire utsetjingar valde også denne juryen å i staden gje oppdraget til Gustav Vigeland (1908). Meir motgang følgte, men: 
Størst motbør fekk Vik likevel med Eidsvollsmonumentet, der han vann 1. pris, men etter ein fleirårig komplisert prosess måtte gje tapt. Nederlaget vart ein personleg tragedie og gjekk sterkt inn på han. (Norsk biografisk leksikon)
 
Her må det nemnast at Viks Abel-statue vart reist over 60 år seinare, på Blindern i 1968 (i "Pytagoras' hage" ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet) og at han etter all motgangen gjekk i gang med det som blir rekna som hans hovudverk og eit av høgdepunkta i norsk skulpturkunst, dét verket han sjølv satte høgast, nemleg «Ynglingen» (1913). Den vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet i hovudstaden med det same og er òg å finne i Teaterparken i Bergen. Dette igjen førte til hans første og einaste tinga og reiste portrettstatue i eiga levetid, nemleg «Edvard Grieg», midt i hjartet av Bergen (1914).
Bilde av Edvard Grieg- statuen i Byparken.

Edvard Grieg i Byparken. Foto: Trond Blom

Ynglingen i Teaterparken.

Ynglingen i Teaterparken. Mor/barn-statuen som skimtes midt i rotunden er, ironisk nok, signert Gustav Vigeland. Foto: Trond Blom.

Før Ingebrigt Vik fylte femti år sette sjukdom ein stoppar for karrieren. Bekhterevs sjukdom, kom dei fram til. Etter opphald på Rikshospitalet levde Vik det siste tiåret i heimbygda Øystese. Då Grieg-statuen vart avduka i Bergen i 1917 var han heilt invalid.
 
I sitt korte kunstnarliv fekk han altså utretta mykje og han fekk medaljar og utmerkingar både i Paris, Budapest, München og San Francisco for å nemne nokre stader. 
 
Før han døydde rakk Vik å testamentere gipsmodellane til skulpturane sine til Øystese Ungdomslag, mot at det vart reist eit hus for samlinga. Vik-museet vart opna i 1934 etter teikningar av Torgeir Alvsaker. Museet vart det første skulpturmuseet utanfor dei store byane, og samlinga i den særmerkte åttekanta bygninga inneheld, i tillegg til gipsoriginalane, verk i bronse, marmor og leire.
 
I 2005 fekk Ingebrigt Vik-museet ein nabo: kunst- og kulturhuset Kabuso. Kabuso huser utstillingar året rundt, frå det heilt moderne til det meir tradisjonelle, i kammermusikksalen byr dei på konsertar frå pop til klassisk og samspelet med Ingebrikt Vik-museet er sjølvsagt; den vesle parken eller hagen som bind dei to bygga saman er «krydra» med Vik-skulpturar. Det er også Kabuso som stiller med formidlarar som syter for omvisingar til faste tider og tilrettelagte opplegg for barnehagar og skuleklassar.
Bilde av Ingebrigt Vik Museum i Øystese.

Ingebrigt Vik Museum, opna i 1934.

Vår unge mor har i vårt eige sjukehus heile tida vore i godt selskap, saman med barna – i årevis var ho å finne i publikumsventearealet på gamle Barneklinikken – så vakta ho inngangspartiet i den mellombelse barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys’ hus. Når Barne- og ungdomsklinikken flytta inn Glasblokkene, følgde Ung mor atter ein gong barna.
 
Vi veit dessutan at det finst eit eksemplar til av denne statuen, i Norheimsund, der den har fått eit heller dystert tilvere – den burde løftast fram i lyset!
Statuen Ung mor i inngangspartiet til Marie Joys’ hus.

Ung mor. Foto: Øystein Fykse.


For Kunstutvalet på Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom. Juni 2022
Kunst på Haukeland sin logo