Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliomyelitt-instituttet - Bjørn Tvedts freske

Bjørn Tvedts store veggmåleri i Poliobygget er ein godt skjult løyndom for dei fleste.

Publisert 10.09.2020
Sist oppdatert 08.02.2024

Poliobygget, Poliomyelitt-instituttet, IT-bygget, IKT-bygget og no når Helse Vest IKT har flytta til nye lokale, Lille parkbygg. Denne bygninga har hatt mange namn, og er i seg sjølv verdt nokre ord.

Bygget fungerer no som ei forlenging av Parkbygget, og Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk har no kontor og møterom her. Men bygninga, som vart innvigd 4. desember 1954, vart altså bygd for å romme det heilt nye Poliomyelitt-instituttet.

Bjørn Tvedts freske/freskomåleri (målarstykke på vegg), signert 1955, vart påført veggen oppe i 3. etasje, i det som i dag naturleg nok har namnet Freskorommet og som blir brukt som møterom.

Veggmåleriet måler 211 cm. i høgda og har ei breidde på heile 481 cm.

Freske som viser to nakne unge gutter som sitter på svaberg ved havet.

Freskomåleriet er sjølvsagt verna, i likskap med både trappeløp og eksteriør. (Foto: Katrine Sunde.)

Kunstnaren

Bergensaren Bjørn Tvedt (1920-2011) var elev ved Statens Kunstakademi i Oslo, under Per Krohg og Aage Storstein 1945-47. Han hadde studiereiser til fleire verdsdelar, men hadde for det meste sitt virke i heimbyen.

Han er kjent for m.a. altartavla i Solheim kyrkje, fresken Kunnskapens kilde, Bergen Katedralskole, samt arbeid i mange andre kyrkjer, skular og rådhus som på Laksevåg og på Askøy.

Tvedt var også ein kjent og populær portrettmålar – i tillegg til å ha måla storleikar som Harald Sæverud, Arild Haaland og Karsten Andersen, hadde han mange oppdrag for Haukeland – i tillegg til veggmåleriet har han portrettert eit tosifra tal overlegar, professorar o.a. ved sjukehuset frå 1960-talet og fram til slutten av 1980-talet.

Polio

Poliomyelitt (“barnelammelse”) var et betydelig helseproblem helt frem til vi fikk poliovaksinen mot slutten av 1950-årene. Sykdommen opptrådte i store epidemier, den siste i 1951. Mange døde av sykdommen i den akutte fase. Den verste epidemi i Bergens-området var i 1941 med i alt 142 syke hvorav 19 døde. Men det var mange flere som overlevde med permanente lammelser, og det var et betydelig behov for etterbehandling. Det norske sykehusvesen var i mellomkrigstiden ikke utbygget til å gi et tilfredsstillende tilbud til denne store pasientgruppe. (Janssen.)

Landsforeningen for polioskadde:
Mindre enn 1% av alle som smittes med poliovirus, utvikler polio med lammelser (”paralytisk poliomyelitt”). Hos disse passerer virus over til nervesystemet og angriper selektivt de nervecellene som gir impulser til muskulaturen; de motoriske forhorncellene i ryggmargen. Dette er årsaken til lammelsene.

Bygninga

byggning

På bygninga si fasade heng framleis arkitektens versjon av det internasjonale poliosymbolet. (Foto: Øystein Fykse.)

På privat initiativ vart Landsforeningen mot poliomyelitt starta i 1947, og denne foreininga, saman med andre private aktørar, fekk etablert etterbehandlingsinstitutt over heile landet. I Bergen vart det avgjort at eit slikt institutt måtte knytast tett opp til Nevrologisk avdeling (etablert i 1952); pengar kom inn frå private, landsforeininga sjølv i tillegg til både stat og kommune.

Bergen kommune stilte òg opp med tomta, som låg like ved eksisterande Nevrologisk avdeling – så vart då òg instituttet «overlevert» til kommunen på sjølve opningsdagen, ei opning med både «Ja, vi elsker» og Johan Svendsens «Polonaise», så vel som talar frå Landsforeningens direktør Chr. E. Huun, skipsreiar Øivind Lorentzen, ordførar Knut Tjønneland o.a.

Frå Huuns tale:

«Det er vårt håp at dette instituttet skal bli overflødig ved at vitenskapen kan finne fram til det serum som kan vinne bukt med poliomyelitten. Men inntil da vil dette institutt gi de poliomyelitt-rammede håp om og tro på at de kan bli friske.»

Huun overrekte instituttet ein byste av Ambrosia Tønnesen (1859-1948) – bronsebysten «Maria», som i dag står på tresokkel utanfor nevrologisk ekspedisjon i Gamle hovudbyggs 1. etasje.

.

"Maria". (Foto: Øystein Fykse.)

 

Foto: Øystein Fykse.
Foto: Øystein Fykse

Arkitekt Halfdan B. Grieg fekk i oppdrag å reise eit bygg som skulle vere så vakkert at det auka trivselen.

Bygget hadde tre etasjar. Ved inngangspartiet på austsida av bygget, i bygningens 2. etasje, vart ein møtt av bergenskunstnaren Hans Jacob Meyers bronserelieff «Minnetavle».

Dette heng der den dag i dag, og viser to barn i tillegg til teksten
Landsforeningen mot Poliomyelitt reiste dette bygg for midler innsamlet i Bergen og fylkene - med støtte av Staten og Bergen Kommune


Hans Jacob Meyer har vi presentert før.

Bygget inneheldt m.a. bandasjistverkstad, behandlingsareal, symjebasseng og 32 sengeplassar.

Poliobygget var det første sjukehus i Noreg kor det var bytelefon på alle pasientars nattbord, dessutan hadde dei svingbare leselampar!

Del av trappeløpet, som også er verna. (Foto: Katrine Sunde.)

Del av trappeløpet, som også er verna. (Foto: Katrine Sunde.)

 

Foto: Katrine Sunde
Foto: Katrine Sunde

Biletet i trappegangen er signert Ferdinand Finne, har tittelen «Maharaiaens papegøye» og er ein nummerert akvatint.

Poliovaksinasjon vart innført i Noreg i 1956. Bygningen vart lenge brukt til etterbehandling av pasientar med lammingar etter polio, men etter kvart var det andre nevrologiske sjukdommar som vart behandla der.

I 1992 flytta Nevrologisk avdeling inn i Gamle hovudbygg, aktivitetane praktisert i Poliobygget likeeins, og bygningen vart ståande tom i nokre år før IT-avdelinga flytta inn.

 

 

 


For Kunstutvalet, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom, august 2020.

Kjelder:
Bergens Arbeiderblad, 6. desember, 1954
Bergens tidende, 6. desember, 1954
Sogn og Fjordane, 6. desember, 1954
Haukeland sykehus – en medisinsk hjørnesten siden 1912 / Carl W. Janssen og medarbeidere. - Bergen : Eide, 2001
Veien til Haukeland – Haukeland universitetssykehus 1912-2012 / Morten Hammerborg og Teemu Sakari Ryymin. - Bergen : Fagbokforlaget, 2019

https://tidsskriftet.no/2001/12/medisinsk-historie/poliomyelittens-historie-i-norge-sykdommen-samfunnet-og-pasienten

https://helse-bergen.no/seksjon/NKH/Documents/Pasientinformasjon/Polio%20og%20senskader.%20En%20veileder%20for%20polioskadde%20og%20fagfolk.pdf