Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kunst på Haukeland: Nils Aas og Jan Haugland - Thorstein Bertelsen og Jørgen Løvset

To minnesmerke vest på Haukelandsområdet er tema for Kunst på Haukeland denne gongen.

Publisert 04.11.2020
Sist oppdatert 07.10.2022
Foto: Byste
Thorstein Bertelsen. Foto: Øystein Fykse
Nils Aas (1933-2004) – av mange rekna som ein av Noregs viktigaste bilethoggarar, er kunstnaren bak bronsebysta av Thorstein Bertelsen, som vi finn på ein liten haug utanfor Augebygget, ved innkøyrsla til både dette bygget og Kvinneklinikken. Den er datert 1994 og vart i si tid finansiert av Bergen Kommune.
Thorstein Bertelsen (1923-2008) var professor v/UiB og overlege ved nettopp Augeavdelinga som han også leidde oppbygginga av.



Thorstein Bertelsen. Foto: Øystein Fykse.

Thorstein Bertelsen. Foto: Øystein Fykse.

Nils Aas kan ein lese meir om via lenkjene til sist i artikkelen, men nemnast kan eit par av hans kjente arbeid i vår eigen by, til dømes granittstatuen av Henrik Ibsen (1982) i Teaterparken og bysta av Harald Sæverud inne i Grieghallen. Ein fin spasertur sørover frå Haukelands-området kan ein dessutan finne nok ein Aas: «Lesende gutt» i skulegarden på Landås skole. (Denne blei laga til ære for lesebokpionéren Nordahl Rolfsen. Bergen Kommune ville i 2001 ikkje ha den i byrommet; Bergen Off. Bibliotek ville ha den – inne. I mange år møtte den besøkande ved inngangsdørene der, før ombyggingsarbeid førte til eit støvete tilvære i bibliotekets kjellar i nokre år, før den igjen blei til inspirasjon for unge lesarar – på Landås, altså.)

En statue av en mann og en kvinne som sitter på en stein foran en flaggstang og

"Lesende gutt". Foto: Marita Aarekol


Langt mindre kjent enn Nils Aas er nok Jan Haugland, men hans 260 cm. høge skulptur til minne om professor Jørgen Løvset vart avduka av ingen ringare enn HM Dronning Sonja, den 21. mai 1999. Den har fått namnet «Familien», og vi finn den på andre sida av same innkøyrsle som Aas sin byste står ved. 

En statue av en person med skjegg

"Familien". Foto: Øystein Fykse

Avdukinga var ledd i ei større Løvset-utstilling halden i vestibylen på KK. Dronninga var invitert og fekk sjå fleire av fødselsreiskapane som Løvset hadde konstruert for å hjelpe fødande kvinner. Det gjekk, ifølge BA laurdag 22. mai 1999, «et kongelig sus gjennom folk og trær» då dronninga kom. Overlege Ole Erik Iversen, som var den som viste rundt, sa dette til avisa:

"Sonja var veldig interessert i Løvsets arbeid, han er jo en internasjonal størrelse. Det virket også som om dronningen hadde god innsikt i dette feltet".

Deretter fekk Dronning Sonja helse på nybakte mødre på Barselloftet på Pasienthotellet og møte pasientar på spinaleininga ved Nevrologisk avdeling.


En statue av en person i en hage

"Familien". Foto: Øystein Fykse


Jørgen Løvset (1896-1981), også han professor i medisin, var sjef for Kvinneklinikken frå 1940-1966. Han var, i flg. Norsk biografisk leksikon:
"en av pionerene innen sitt spesialfelt i medisinen, kvinnesykdommer og fødselshjelp. Han konstruerte nye og forbedret gamle instrumenter og utviklet teknikker til tryggere forløsning i vanskelige situasjoner, spesielt for fostre som ble født i seteleie".


Av andre Jan Haugland-arbeid kan nemnast bronseskulpturen «Sandviksgutten» i Sandviksparken framom Sandviken kyrkje og ein stor bronseskulptur ved inngangspartiet til Lars Lerin-bygget på Mindemyren.




Nils Aas


November 2020.
For Kunstutvalget, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom.