Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Portalen - eit omfattande utsmykkingsarbeid

I serien "Kunst på Haukeland" skal det denne gongen handle om ein del av eit større verk – faktisk det største på heile sjukehusområdet.

Trond Blom, Kunstutvalet på Haukeland
Publisert 13.03.2025
Sist oppdatert 24.03.2025
En stor statue av et kors
Portalen ein februarmorgon. Foto: Kim Schmidt, LOS Elektro.

Etter at Sentralblokka opna i 1983, elleve år etter at første salve gjekk av på tomta til det som den gong var Noregs største byggjeprosjekt, starta eit omfattande utsmykkingsarbeid både inne i blokka og ute i parken og ved gangvegar. Ei rekkje kunstnarar var i åra 1984-1988 engasjerte på Haukeland.

Målaren og grafikaren Svein Rønning sto saman med kompanjongen sin, bilethoggaren Steinar Christensen, for det mest spektakulære verket av dei alle. Utgangspunktet for denne utsmykkinga var å vise vegen til resepsjonen i den nye Sentralblokka, frå busstoppa i nord og sør, der den nordlege delen skulle symbolisere den historiske byen, mens den sørlege definerte teknologidelen – altså ei kunstreise som bestod av betongskulpturar, hytteveggar i tre, rullesteinstrand med båtar (betong, armeringsjarn, stein) m.m., der dei to vegane møttest i marmorgangen i Sentralblokkas underetasje.

Veggane og rekkverka i gangen, under tittelen Ankomsten (A-K), gjenspegla dei to konsepta med måleri og teikn utført med kolstift, fargeblyant, akryl og PVA. (Sjå bildekarusell nedst i artikkelen).

Et høyt tårn med spiss topp

Foto: Olafur Olafsson.

Detaljar på Portalen. 

Sist, men ikkje minst, sjølve hovudobjektet for denne artikkelen: Portalen, på «haukelandsmunne» – Nøtteknekkaren, og grunnen til at denne snart 40 år gamle skulpturen plutseleg har kome i søkjelyset her hos oss er nettopp lys, og belysning. Men først litt om skulpturen – den ruvande skulpturen av limtre og jarn, ved gangvegen opp til sjukehuset frå sør, har i snart 40 år teke i mot pasientar, pårørande og tilsette på veg til sjukehuset, anten dei har valt vegen under helikopterdekket og rundt Parkbygget til marmorgangen, eller dei har teke trappa opp og strent rett inn i blokka.

En gate med bygninger og lys
Portalen sett frå sør. Foto: Olafur Olafsson.

Frå kunstnarane si side var idéen å lyssetje toppen til stades heilt frå byrjinga og alt låg til rette for dette, men – uvisst av kva grunn – det skulle ta nesten 40 år. Lyssetjinga vart initiert av gruppa "Utomhus og mobilitet" på Haukeland i samarbeid med Teknisk avdeling. Den som ventar på noko godt, ventar ikke forgjeves og når ein no endeleg fekk lys på plass var det ikkje berre i toppen, men Portalen vert no òg lyst opp frå bakkeplan av fire lyskastarar.

Et hus med trær og lys om natten
Når ein først var i støtet vart det sørga for opplysning også av tre hundreårsbøkar nede i sjukehusparken. Foto: Olafur Olafsson.

Arbeidet blei utført av LOS Elektro. Kunstutvalet har informert og sendt bilde til Svein Rønning som var oppglødd både over resultatet og det faktum at skulpturen endeleg kjem til sin rett på mørke morgonar og kveldar.

Menn på en stige
Frå monteringa – luftig arbeid: Daniel Frantzen (til venstre) og Andreas Jordan frå LOS Elektro. Foto: Olafur Olafsson
En person i en gul jakkeFrå monteringa. Foto: Olafur Olafsson

Og her er eit utval bilete frå Ankomsten. Foto: Trond Blom.