Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Herman G. Gade

Portrettbysten av Herman G. Gade tek i mot oss i parken utanfor Kysthospitalet i Hagevik. Bronsebysten vart laga av Øystese-kunstnaren Øystein Laupsa (1918-2017) og er datert 1957.

Publisert 09.10.2019
Sist oppdatert 08.02.2024

​Herman Gerhard Gade (1870-1953) (bror av Fredrik Georg Gade (1855-1933) – grunnleggaren av Gades institutt), var overlege og direktør ved Kysthospitalet i Hagevik i åra 1898-1946.

Herman G. Gade

Foto: Øystein Fykse

Kysthospitalet i Hagevik sto ferdig våren 1893, og tok i mot sine første pasientar same sommar.

Dei første åra vart medisinsk overvaking ordna ved at tilreisande legar kom til hospitalet. Herman G. Gade begynte som vikar ved sjukehuset i 1897, men vart fast tilsett allereie året etter, og var då den første lege som vart knytt til Kysthospitalet på fast basis. Etter kvart fekk han tittelen sjefsfysikus, og noko seinare altså direktør. Frå 1902 budde han permanent i Hagavik. I statuttane for hospitalet heitte det i §1:

Kysthospitalet i Hagevik til hvis oppførelse de fornødne midler er tilveiebragt ved bidrag, dels fra Bergens samlag for brennevinshandel, dels fra Bergens sparebank, […] har til formål å behandle skrofuløse* barn fra Norges Vestland. Dessuten opptaes barn lidende av andre kroniske sykdommer som anæmi, nervøsitet, videre rekonvalescenter i barnealderen etter akutte sykdommer samt kvinnelige rekonvalescenter av den uformuende klasse, dog skal skrofuløse barn alltid være fortrinnsberettiget til plass.

* Skrofulose er ei eldre nemning på ein type tuberkulose.

Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik er omfatta av fredningsvedtak. Vernet omfatter hovudbygg, naust, verkstad/lagerbygg, kraftstasjon med kum, trafo, turhytte samt parkanlegg /uteområder i sin heilskap. Foto: Øystein Fykse.

Kysthospitalet er i dag ein del av Ortopedisk klinikk, Helse Bergen – eit spesialsjukehus for planlagt ortopedisk kirurgi; dei tilbyr pasientane ei heilskapleg helseteneste med klinisk undersøking, behandling, pleie, mobilisering og vidare oppfølging.

Portrett av Øystein Laupsa. Forsidebilde på biografi skrevet av Arvid Møller, Bygdejol, 2008.
Forsidebilde på biografi skrevet av Arvid Møller, Bygdejol, 2008.

Kunstnaren Øystein Laupsa har utdanning m.a. frå Kunst- og handverksskulen og Kunsttakademiet i hovudstaden, i tillegg til eit studieopphald i Paris, men han vendte snart attende til Hardanger og Øystese, kor han vart buande til han gjekk ut av verda 99 år gammal.

Laupsa vart kjend som ein klassisk naturalist, og kunstverka hans kan sjåast ei rekkje stader, ikkje minst i Hardanger, som til dømes i Ålvik, der den to meter høge bronsestatuen «Arbeidsmannen» (1962) skodar utover torget.

I heimbygda Øystese er det naturlegvis fleire verk, mellom anna eit portrettrelieff i bronse av sambygdingen Ingebrigt Vik (1946).

I tillegg til portrettbysten, som blei avduka i 1957, finst det to måleri av Herman G. Gade på kysthospitalet – i kantina heng i dag Gunnar Wefrings (1900-1981) portrett.

 

Maleri av Herman G. Gade
Herman G. Gade av Gunnar Wefring (1945). Foto: Trond Blom

Frå boka «Kysthospitalet i Hagevik gjennom 100 år»:

Den 18. august 1946 ble det holdt en stor avskjedslunsj for den avholdte overlegen. Han ble sterkt og varmt hyllet i en lang rekke taler fra styret, fra helsemyndighetene, fra de ansatte og fra pasienter.

Ved anledningen ble det også avduket et maleri av Hermann Gade.

I biblioteket i hovudbygninga sin femte etasje heng det eit anna portrett, signert Bjørn Smith-Hald (1883-1964).

Kuriosa

Herman Gerhard og hans 15 år eldre bror, Fredrik Georg vaks opp i huset som deira far, også han ein Fredrik Georg, og dessutan konsul, fekk bygd på Kalfaret.

Dette er same bygning som i dag går under namnet Legenes hus.

I 1908 representerte Herman G. Gade Noreg ved Den Sjette Internasjonale Kongressen om Tuberkulosie som gjekk av stabelen i Washington, D.C.

Om du vert forvirra: det heiter Kysthospitalet i Hagevik, medan adressa er 5217 Hagavik.

Statue

Foto: Øystein Fykse

Herman G. Gade sammen med liten gutt som pasient.
Herman G. Gade med pasient.

For Kunstutvalget, Haukeland universitetssjukehus - Trond Blom

Kysthospitalet i Hagevik gjennom 100 år : 1893-1993 / redaktør Egil Ertresvaag. - Bergen : [s.n.], 1993

Haukeland sykehus : en medisinsk hjørnesten siden 1912 / Carl W. Janssen og medarbeidere. - Bergen : Eide, 2001
https://helse-bergen.no/avdelinger/ortopedisk-klinikk/kysthospitalet-i-hagevik/historia-om-kysthospitalet

https://nkl.snl.no/%C3%98ystein_Laupsa

https://www.aftenposten.no/personalia/i/3AbaX/Nekrolog-Oystein-Laupsa

http://lvph.no/pdf_vedtak/302_Kysthospitalet_Hagevik.pdf