Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hans Jacob Meyer

Her på Haukeland er vi så heldige å ha heile to kunstverk signert Hans Jacob Meyer – ein betydeleg kunstnar og bilethoggar frå Bergen – skulpturen «Torso» (1955) og bronserelieffet «Minnetavle» (1954).

Publisert 10.06.2020
Sist oppdatert 08.02.2024

Hans Jacob Meyer vart fødd i Bergen i 1907, her levde han og her døydde han i 1993. Far hans var skipsmeklar, og Hans Jacobs framtid såg klar ut. Han vart då også skipsmeklar sjølv etter kvart, men han blei tidleg fanga av kunsten, og allereie tidleg i tjueåra var han på sitt fyrste kunstnariske studieopphald i Paris ved det skandinaviske akademiet Maison Watteau. Etter nokre år med studiar og arbeid med skulptur la han dette til side og trådde altså inn i skipsmeklaryrket, og blei verande der i over 30 år. Totalt inaktiv som bilethoggar var han likevel ikkje i denne perioden.

Skulpturen «Torso»

Foto: Øystein Fykse

«Torso» (Høgde på skulptur: ca 63 cm, sokkel: 90 cm) Foto: Øystein Fykse

Skipsmeklarane vart arbeidslause under krigen, og Meyer debuterte på Høstutstillingen i 1945.

Hans fyrste separatutstilling fann stad i Kunstnernes hus, Oslo, så seint som i 1959, og fyrst som 55-åring via han all si tid til kunsten. Etter dette drog han på studieopphald mange stader i Europa.

Bronseskulpturen «Torso», på sokkel av raud granitt, finn vi i venterommet ved terapibassenget i Gamle hovudbyggs underetasje. Den er 155 cm høg og har påskrifta Gitt til Haukeland sykehus av kunstneren 1993.

Store Norske Leksikon:
«Meyer fikk aldri noen stor produksjon. Han arbeidet langsomt og med stor selvkritikk – det gikk ofte flere år før han klarte å slippe tingene fra seg. Hans andre store utstilling kom først 1984 i Galleri Langegaarden i Bergen. Han omtalte seg selv som “naturalist”, men hans form er nesten arkaisk i sin formstrenghet, med en grunntone av primitiv enkelhet.»

Bronserelieffet måler h100 cm/b80 cm. Foto: Øystein Fykse.
Bronserelieffet måler h100 cm/b80 cm. Foto: Øystein Fykse

«Minnetavle» heng på veggen ved hovudinngang i Lille parkbygg, tidlegare Poliobygget. Den viser to barn i tillegg til teksten "Landsforeningen mot Poliomyelitt reiste dette bygg for midler innsamlet i Bergen og fylkene - med støtte av Staten og Bergen Kommune".

Meyer arbeidde både med gips, terrakotta og marmor, han støypte i bronse og sement og han skar i tre. Han var òg ein dreven medaljekunstnar, og i 25 år sat han som medlem av pregkomitéen for Den Kongelige Mynt.

Blant Meyers mest kjente arbeid finn vi:

Knelende kvinne, monument over falne (bronse), 1951, ved Arna kirke, Bergen (kopi ved Elsesro, Bergen, 1974).

Liggende poet (bronse), 1951–55, Ole Bulls plass, Bergen (med sjølvaste – og nyleg avlidne – Laurie Grundt som 14-årig modell)

Mor og barn, monument over falne (bronse), 1954, Nonneseter kloster, Bergen.

Hans Jacob Meyer. Foto: Oddleiv Apneseth (gjengjeve med tillatelse).

Hans Jacob Meyer. Foto: Oddleiv Apneseth (gjengjeve med tillatelse).

For Kunstutvalet, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom, juni 2020.
For Kunstutvalet, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom, juni 2020