Bjarne Lund

Kunst på Haukeland

Denne gongen tar vi turen ut i Sandviken. I auditoriet (Bygg 3) på sjukehuset der ute heng nemleg fire flotte, store måleri av Bjarne Lund; i gangen utanfor – to til.

Bjarne Lund (1896-1931) vart fødd på øya Tjøtta på Helgeland, men flytta allereie som barn til Bergen med familien. Han starta kunstnarkarrieren på gravørlina, Kunsthåndverksskolen i Bergen (1914-15), før han fekk jobb som siselør (eit yrke innan gull- og sølvsmedfaget) i Stavanger. Der byrja han òg å måle.

bjarne lund maleri.foto

Han hadde studieopphald både i Kristiania (1917-18) og i Paris (1921-24), men han reiste attende til Bergen, kor han verka fram til han døydde. I Bergen vart han kjend for sine dekorasjonsarbeid, som på Café Boulevard (seinare Ugla) og på Café Esplanade i Telegrafbygningen (i dag Baker Brun, kor ein framleis kan sjå bileta). Ein friluftsfreske av Lund kan framleis sjåast høgt oppe på ein vegg i Olav Kyrres gate 47, ei adresse som den gong husa Smith-Sivertsens bakeri. Tidleg på 20-talet var han Axel Revolds assistent då han dekorerte Frescohallen i Børsbygningen i Bergen.

bjarne lund maleri 3 .foto

Kunsten på Sandviken har si eiga historie – dei store måleria vart tinga til Dr. Kullmanns venteværelse i 1928. (Birger Kullmann var ein øyre- nase- halsspesialist som praktiserte i Bergen frå 1920 til 1953.) Dei seks måleria er alle rundt 180 cm høge og fire av dei ca. 160 cm breie, medan dei siste to har vinkelform som syner at dei var meint å ramme inn dørene.

bjarne lund maleri 2. foto

Lise Karin Mjøs fortel, i si hovudfagsavhandling «Bjarne Lund 1896-1931 – Det høie C», Kunsthistorisk inst., UiB 1991, at måleria ligg nær ein kubistisk tradisjon, med ei sterkt plastisk utføring av figurane med «skulpturelle virkninger» og med geometriske former brukt som korrigerande hjelpemiddel.

I Bergens Tidende skreiv signaturen P.K. (Per Korsvold) den 30. april 1928 m.a.:

Kunstneren har malt en række felt som fra det ene til det andet utvikler en idé eller forestilling om lægevidenskapens utspring i naturen, som den søker at gjøre sig underdanig. Det hele er i sin skildring av naturscenerier, dyr og mennesker et epos med sindbilledlige indlæg, hvilke alluderer til det hemmelighetsfulde slør som menneskeaanden gradvis har løftet for at finde lægemidlerne. Man faar av disse billeder, som korresponderer med hverandre, og især av det sindbilledlige i dem et eiendommelig, følelsespaavirkende indtryk av en aand som er virksom i at granske naturens hemmeligheter. De er saaledes i nøie kontakt med den opgave at tjæne til dekorationer for en læges venteværelse.

Mjøs har i si oppgåve òg intervjua Birger Kullmanns son, Jacob, som kunne skrive under på Korsvolds utgreiing, men la til at bileta òg var meint å skulle gje pasientane ei heimleg kjensle medan dei sat og venta.

April 2018,
For Kunstutvalget, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom.