Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

På eigne bein

Nyutdanna kirurgar med kunnskap og moderne utstyr opererer pasientar med beinbrot. Midlar frå Trond Mohn har bidratt til at dei alle er rusta til å stå på eigne bein.

Fiksasjon av fot

Ekstern fiksasjon av beinbrot er no mogeleg. Foto: Ingvild Festervoll Mellien / Megafon​

 

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Kamuzu Central Hospital (KCH) i Malawi har sidan 2007 samarbeidd om eit eige utdanningsprogram for malawiske kirurgar og ortopedar.

I byrjinga fekk Haukeland universitetssjukehus midlar frå Trond Mohn og Grieg Foundation i Bergen til innkjøp av kirurgisk utstyr til Kamuzu Central Hospital. Det vert kjøpt inn røntgenutstyr, kirurgiske verktøy, endoskopieiningar, ortopediske implantater og kirurgiske instrumenter.

- Dette har gjort det mogleg for KCH å forbetre dei kirurgiske og ortopediske tenestene til eit betydeleg høgare nivå enn før samarbeidet, sier Jon Wigum Dahl.

Trafikkulykker er ei av dei største farane i Malawi. Tusenvis av menneske dør årleg. På grunn av mangel på kirurgar og moderne behandlingsmetodar blir svært mange også uføre livet ut.

- Tidlegare var 26 prosent av all kirurgi på KCH amputasjon. Svært mange av dei som var utsette for trafikkulykker måtte amputere. Dette er det nesten slutt på etter at sjukehuset fekk moderne utstyr og personell med kunnskap, seier Dahl.

 

Opplæring med Sven Young

Sven Young, overlege ved ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus driv undervisning. Foto: Ingvild Festervoll Mellien / Megafon

Utdanninga av kirurger og ortopeder er lett bortkasta dersom utstyret og infrastrukturen som trengs ikkje er på plass.

- Er ikkje desse tinga på plass dreg legane og jobbar andre stader. Difor er den type støtte vi mottar frå blant anna Mohn så viktig, sier Dahl.

Midlar fra Trond Mohn er også sentrale i prosessen med å bygge eit nytt traumesenter, Lilongwe Institute of Orthopedics and Neurosurgery (LION).

Haukeland universitetssykehus hjelper Kamuzu sentralsykehus i Malawi med å utdanne kirurger. Trond Mohn har blant annet gjort det mulig for sykehuset å benytte ekstern fiksasjon i behandling av beinbrudd.​

Sist oppdatert 28.12.2023