Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjonsmikroskop for framtida

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har sidan 2006 samarbeidd med Black Lion Hospital (BLH) i Etiopia om utdanning av etiopiske nevrokirurgar. Prosjektet har fram til 2016 vore finansiert av Fredskorpset og interne midlar frå HUS. Nevrokirurgar frå HUS har reist til Etiopia og operert saman med kollegaene på BLH.

En person i en sykehusseng;

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har sidan 2006 samarbeidd med Black Lion Hospital (BLH) i Etiopia om utdanning av etiopiske nevrokirurgar. Prosjektet har fram til 2016 vore finansiert av Fredskorpset og interne midlar frå HUS. Nevrokirurgar frå HUS har reist til Etiopia og operert saman med kollegaene på BLH.

Det gamle operasjonsmikroskopet som no vert bytta ut.

Til saman er 21 nevrokirurgar blitt utdanna på BLH gjennom dette samarbeidet, deriblant den fyrste kvinnelege nevrokirurgen i Etiopia. 15 etiopiske spesialistkandidatar har vore seks månadar kvar på Nevrokirurgisk avdeling på HUS gjennom Fredskorpset sitt utvekslingsprogram.

Som ein følgje av samarbeidsprosjektet er BLH blitt ein berekraftig lærestad for nevrokirurgi, noko som er ein milepæl då dei fleste afrikanske land manglar utdanningsprogram innan nevrokirurgi.

Behovet for nevrokirurgiske tenester er stort og aukande.  Svulstar, born med vannhovud, og hovudskadar som fylgje av trafikk- og arbeidsulukker er hyppige problemstillingar. Dei mest  erfarne kirurgane ved avdelinga på BLH har svært høg kompetanse grunna det store tilfanget av pasientar med tilstandar som ein sjeldan ser i Noreg, og som er krevjande å operere.

Dei siste åra har BLH fått ein betydeleg oppgradering av operasjonsstuar. Ein privat donor i Bergen har no gitt finansiering til eit nytt operasjonsmikroskop til BLH. Eit slikt mikroskop er sjølve «arbeidshesten» i ei nevrokirurgisk operasjonsstue. Det mikroskopet dei har hatt til no er over 20 år gamalt og kan ikkje reparerast om det går i stykkar, noko som vil lamme heile verksemda betydeleg.

Dr. Tsegazeab Laeke er ein av dei som har fått sin spesialisering gjennom programmet, og han har no vore fire månadar på Universitetet i Bergen (UiB)/HUS som ein del av PhD utdanninga. Han ser fram til å ta det nye mikroskopet i bruk på avdelinga på BLH:

- Det vert eit stort løft for avdelinga, for pasientane og for oss som jobbar med det. No tar alle operasjonane mykje lengre tid enn nødvendig fordi det er så gamalt. Det er store utfordringar med skopet vi har no, blant anna med vedlikehaldet.

Det nye operasjonsmikroskopet har ein prislapp på 3,5 millionar kronar, og inkluderer ein serviceavtale i 5 år.

Dr. Tsegazeab Laeke
Dr. Tsegazeab Laeke
Sist oppdatert 08.05.2017