Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Grenselaust samarbeid

Operasjonsutstyr. Sjukehusbygg. Tilgang til reint vann. Bidraga frå Trond Mohn har gjennom ei årrekke vore med å realisere hovudmålet i det internasjonale samarbeidet - å betre pasientbehandling gjennom auka kompetanse blant tilsette.

pasienter utenfor kamuzu hospital

Pasientar ventar på Kamuzu sjukehus i Malawi. Foto: Ingvild Festervoll Mellien / Megafon

Haukeland universitetssjukehus etablerte Avdeling for internasjonalt arbeid i 2003.

- Internasjonalt har det vore for lite trykk på å utvikle spesialisthelsetenesta i fattige land. Men det er viktig - du kan ikkje vaksinere bort beinbrot. Vårt arbeid har heile tida hatt eit mål om å styrke medisinsk-fagleg kompetanse og utdanne helsepersonell. Gåvene frå Trond Mohn har heilt frå starten støtta opp om dette kompetansemålet, seier Stener Kvinnsland, seniorrådgjevar ved avdelinga og tidlegare direktør på Haukeland.

Infrastruktur er avgjerande for å få til god opplæring; Operasjonsstover, oppdatert medisinsk-teknisk utstyr, tilgang til reint vant, tilfredsstillande hygieniske forhold, sjukehusbygg. Alt dette er nødvendig for å kunne utdanne helsepersonell – og behalde dei i heimlandet. Det er her Trond Mohn har bidratt mest.

- Støtte til slik infrastruktur er ikkje så lett å skaffe. Mens vi kan få offentlege midlar til utdanningsprogramma våre, er det ikkje like lett å få midlane som trengs for til dømes ei operasjonsstove. Difor er vi svært takksam for den viktige støtta vi har mottatt frå Mohn gjennom ei årrekke, sier Kvinnsland.

Smitteeffekt

Støtta frå Trond Mohn har også bidratt til at andre bidreg til arbeidet.

- Når lokale myndigheiter har sett korleis ein ekstern givar bidreg for å utvikle det lokale helsevesenet, har dette til tider også utløyst både engasjement og midlar frå andre. På denne måten har samarbeidet med Mohn også vært viktig, sier Kvinnsland.

Nyttige resultat også i Noreg

Når ein ser på resultata av det arbeidet Mohn har vore med å finansiere er betydinga stor hos partnarane våre i fattige land. Nokre eksemplar:

  • I Malawi er det no 9 legar som spesialiserer seg innan kirurgi med moderne behandling​smetodar og utstyr i bunn. Helse Bergen har fått Norhed-midlar frå Norad til å utdanne 25 spesialister (ortopeder/kirurger) + 4 Phd kandidater. Støtta til infrastruktur frå Trond Mohn ligg til grunn for dette. 6 av spesialistane er allerede ferdigutdanna, og 9 er i gang med utdanninga som i hovudsak foregår lokalt på KCH.
  • På Zanzibar er den nye b​​arneklinikken open og i full drift. 1,5 millioner menneske bor på Zanzibar. No har barna tilgang til moderne behandling i nybygget som nyleg er reist.

Men det er også ein klar verdi for dei tilsette som dreg ut frå Haukeland. For det første møter dei menneske frå andre kulturar og religionar. Dette er nyttige erfaringar å ha med i møte med blant anna flyktningar og andre som i aukande grad utgjer pasientgrunnlaget i Noreg. I tillegg får dei mengdetrening. Personell som jobbar i traumeteam på Haukeland har svært god nytte av å bli eksponert for det store antallet krevande operasjoner som utførast ved eit sjukehus i Sør-Afrika.

Sist oppdatert 31.05.2023