Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Betra metoder for å avdekke bruk av rusmidlar

Ny teknologi representerer eit paradigmeskifte innan diagnostikk og forsking på rusmidler.

Gåvemidlar frå Trond Mohn har gjort det mogeleg å kjøpe topp moderne utstyr til massespektrometrisk analyse. Massespektrometri er ein avansert teknikk innan analytisk kjemi som med høg nøyaktighet identifiserer mengde og type av kjemiske bestanddeler i en prøve. Det nye utstyret er kjøpt inn, og utvikling av de nye analysemetodene er godt i gang.

Utstyr til massespektrometri. Foto
Utstyr til massespektrometri.

Nye syntetiske stoff krev nye metodar

Utfordringa i dag er at unge menneske i aukande grad kjøper og eksperimenterer med syntetiske rusmiddel, for eksempel cannabis-liknande stoff. Det kjem heile tida ti-talls nye substansar på marknaden, og mykje er tilgjengeleg og kan kjøpast på Internett.

Dette nye utstyret vil sette oss i stand til å påvise heilt nye substansar. No kan ein ikkje berre analysere stoff ein veit om på førehand, men vi kan også identifisere substansar vi ikkje hadde mistanke om på førehand.

Dette vert gjort gjennom ei systematisk kartlegging av ei rekke små delar av desse substansane i prøven. Databearbeiding og kopling mot oppdaterte internasjonale registre gjer det mogeleg å identifisere heilt nye substansar som har kome til Noreg.

Klinisk farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus prioriterar forsking på rusmiddeldiagnostikk og massespektrometri. Vi har ei rekke sterke forskingsmiljø som vil dra nytte av dette.

Sist oppdatert 31.05.2023