Trond Mohn og Bergens forskningsstiftelse har gjennom ei årrekke bidratt med store gåver som har gjort det mogeleg å investere i nybygg, ny teknologi og meir moderne pasientbehandling.
Resultata av gåvene er betre behandling både i Helse Bergen og internasjonalt.
Ny teknologi representerer eit paradigmeskifte innan diagnostikk og forsking på rusmidler.
I november 2016 åpna dørene på det nye barnesjukehuset på Zanzibar. Arbeidet for å betre behandlingstilbodet til born har fått eit svært løft med det nyopna bygget.
- For første gang ble det mulig for oss å ‘se inn i hjernen’ og følge med på hvordan den arbeider.
Nyutdanna kirurgar med kunnskap og moderne utstyr opererer pasientar med beinbrot. Midlar frå Trond Mohn har bidratt til at dei alle er rusta til å stå på eigne bein.
Energisenteret for barn og unge er ein integrert del av Barne- og ungdomssjukehuset. Dette er eit unikt pionerprosjekt både nasjonalt og internasjonalt. Energisenteret skal gi eit tilbod til barn og unge med fysiske og psykiske helseproblem.
Haukeland er det andre sjukehuset i Noreg som har tatt i bruk Positron Emisjons Tomografi, den såkalla PET-teknologien.
Samarbeidet med Black Lion Hospital i Etiopia om utdanning av etiopiske nevrokirurgar har pågått sidan 2006. Eit nytt operasjonsmikroskop sikrar drifta av den nevrokirurgiske operasjonsstova.
da Vinci er namnet på ei fjernstyrt operasjonsrobot. Maskina gjer at fleire pasientar kan bli behandla raskare og meir effektivt.
Etter at den nye CT-maskina på Hjarteavdelinga kom på plass i 2011 har det blitt enklare og raskare å undersøke pasientar som kjem med akutte brystsmerter.
Operasjonsutstyr. Sjukehusbygg. Tilgang til reint vann. Bidraga frå Trond Mohn har gjennom ei årrekke vore med å realisere hovudmålet i det internasjonale samarbeidet - å betre pasientbehandling gjennom auka kompetanse blant tilsette.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.