Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilbodet om lindrande behandling i sjukehuset

Haukeland universitetssjukehus stettar som regel pasientane sine behov for lindrande behandling i den avdelinga pasienten høyrer til som følgje av grunnsjukdomen sin.

I 2006 blei Palliativt team oppretta for å hjelpe avdelingane å handtere pasientar med behov for spesialisert palliasjon.

Pasientar med behov for lindrande behandling utover dette blir tilvist til Sunniva senter ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus. Senteret har pr. i dag tilbod om 8 sengeplassar og dessutan poliklinisk oppfølging.

I tillegg er Kompetansesenter i lindrende behandling Helseregion Vest eit ressurssenter i helseregionen for alle som arbeider med lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.

Undersøkinga av det palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus som arbeidsgruppa har gjennomført, viste at avdelingane har ei rekkje tilbod til desse pasientane og at dei engasjerer seg for å gje så optimal behandling som mogleg.

Utfordringane avdelingane tok opp, var mangel på ressursar i form av bemanning og tid, mangel på kunnskap og kompetanse og dessutan mangel på einerom. Det kom også fram at ein vurderte at behovet til nokre av pasientane ville bli betre dekka på ei palliativ sengeeining, men arbeidsgruppa meiner det i første omgang må setjast i verk kompetansehevande og andre organisatoriske tiltak før ein kan ta stilling til oppretting av ei slik eining ved sjukehuset.

Sist oppdatert 31.05.2023