pasient holdes i hånd

Fagråd for lindrande behandling ved sjukehuset

Haukeland universitetssjukehus har som målsetting at pasientar med alvorleg, uhelbredeleg sjukdom får helsetenester av god kvalitet, slik at dei kan fullføre liva sine med så god livskvalitet som mogleg.

Kvaliteten på det palliative tilbodet blir kjenneteikna av:

  • at pasientar til ei kvar tid har tilgang til nødvendig kompetanse i forhold til behova sine
  • at behandlinga er prega av kontinuitet med trygge overgangar
  • at organiseringa av tilbodet tar i vare pasienten sitt grunnleggande behov for tryggleik og verdigheit
  • at den palliative behandlinga blir gitt så nær heimen til pasienten som mogleg

På denne sida finn du informasjon om tilbod, strategi og tiltak for å sikre god kvalitet på det palliative tilbodet.

Lindrande behandling i Helse Bergen

  • Strategi for lindrande behandling

    Målet med å utarbeide ein strategi for lindrande behandling ved Haukeland universitetssjukehus er å betre tenestetilbodet til pasientar som har alvorleg, uhelbredeleg sjukdom og deira pårørande.

  • Fagråd for lindrande behandling

    Fagråd for lindrande behandling skal arbeide for å iversette strategien for lindrande behandling av pasientar ved Haukeland universitetssjukehus. Rådet vart oppretta våren 2017.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.