Ta prøvene dine i sentrum

Har legen din bestilt prøvetaking for deg, kan du stikke innom Zander Kaaes gate 7 i sentrum og få det gjort. Her er det nytt og fint og nesten aldri ventetid.

​- Eg har lett for å besvime.
Stolen til Gislaug Larsen blir vippa bakover, før helsesekretær Nanthini Kunalingam finn fram ei blodåre og stikk.
- Sånn! Då var det gjort. Gjekk det bra?
- Ja då. 

Kvinne ligger i stol og det blir tatt blodprøve av armen hennes

Helsesekretær Nanthini Kunalingam tar blodprøve av Gislaug Larsen i Zander Kaaes gate 7

Prøvetaking i sentrum

I lyse moderne lokale, i Zander Kaaes gate 7, like bak jernbanestasjonen, har Helse Bergen ein prøvetakingsstasjon for pasientar som i utgangspunktet er tilvist til laboratoriet på Haukeland.
Her kan ein stikke innom og bli stukke, kjapt og greit. Her er lite ventetid.
Larsen har ikkje vore her før. No har ho tatt ein blodprøve for å sjekke om ho er arveleg belasta med tanke på å få blodpropp.

- Fastlegen min la inn ei bestilling og så kunne eg gå hit når eg ville, seier pasienten som er begeistra for at ho slepp timeavtale og at prøvetakinga kan gjerast i sentrum.

Bygningen i Zander Kaaes gate 7

Zander Kaaes gate 7 ligg like bak jernbanestasjonen.

Tar imot stadig fleire pasientar

Tilbodet opna sommaren 2018, men det har tatt tid å gjere det kjent. No aukar pågangen stadig, noko som tydar på at båe fastlegar og legar i spesialisthelsetenesta er flinkare til å opplyse pasientane om denne moglegheita.
Til dagleg er det to tilsette på jobb på stasjonen. Dei tar blodprøvar av, og tar imot urinprøvar, avføringsprøvar og spyttprøvar frå, omkring 50-60 pasientar om dagen. Så lenge det ligg inne ei bestilling frå lege, kan pasienten berre kome innom og trekke kølapp. Men kø er det sjeldan.
Her er det ope frå 7:30 til 14:00 alle kvardagar. Om pasienten møter før klokka 9 om morgonen kan svara vere klare alt klokka 12 same dag.

Avlukker for blodprøvetaking

Her kjem omkring 50 pasientar om dagen, men det er sjeldan kø.

God kapasitet

Elisabeth Regine Vestbø er bioingeniør og fagansvarleg i Zander Kaaesgate 7. Ho meiner tilbodet i sentrum tjener som ein god avlastning for laboratoriet på Haukeland, der det kan vere ein del kø.
- Vi vil gjerne ha fleire pasientar hit for vi har god kapasitet, seier Vestbø, som samtidig understreker at det er opp til pasientane sjølve å velje kor dei tar eller gir frå seg prøvane sine.

 

Kjapt og greit

- Eg tenkte at no må eg heilt opp på Haukeland, men så fekk eg brev om at eg kunne gå hit, fortel Anne Beth Toft som heller ikkje har vore her ved tidlegare anledningar.  No set ho seg i stolen til bioingeniør Elisa Folgerø Sandnes.
- Eg kom rett inn, kjapt og greit, seier Toft fornøgd.

Bilde av kvinne som får tatt blodprøve frå armen.

Anne Beth Toft er glad ho slepp å reise til Haukeland for å ta blodprøve.

 

Fann du det du leita etter?