Helga Furdal (74) er ein av dei uheldige pasientane som falt og brakk handleddet i vinter. På dei travlaste dagane kjem godt over 100 pasientar i døgnet med brotskader til oss på Skadepoliklinikken. Kva skjer når du kjem inn med brot eller mistanke om brot?
– Den typiske brotpasienten er godt vaksne kvinner som sklir på glatta, fortel lege Dagrun Waag Linchaussen.
Møt Dagrun. Her på vakt ein heilt vanleg vinterdag i Skadepoliklinikken. Til 1. mars i år har 3970 nye pasientar vore innom oss med brotskade. Rekorden er 117 akutte brotskader på eitt døgn. – Det er berre dei med brotskade som skal opererast vi sender opp i Sentralblokka, til Voss sjukehus eller på Haraldsplass. Elles får dei all hjelp her, til og med oppfølginga frå fysioterapeut.
Dei fleste kjenner dette som «Legevakten», men frå våren 2018 har vi vore organisert som to einingar; Skadepoliklinikken ved Haukeland universitetssjukehus og Bergen allmennlegevakt v/Bergen kommune. Når du kjem inn døra må du trekkje kølapp. Den eine køen går til legevakten, den andre er til oss i Skadepoliklinikken. Begge held til i same lokale.
Når pasientane kjem til luka blir dei vurdert av erfarne helsesekretærar, slik som Henriette Andersen. Det blir gjort ein såkalla triagering i luka. Dei med brot som tydeleg er i feilstilling blir prioritert. Vi tek særleg omsyn til barn, eldre og dei som er svært smertepåvirka. - Dei som er hardast skadd er oftast mest stille, påpeker Linchaussen. Dei i luka følgjer med på dette.
Helena Holleland Berland er radiograf. Det er radiografane som hentar deg inn frå venterommet og tek røntgenbilete av skaden, som legen så vurderer.
Helga datt då ho skulle ut og kaste bosset. Ho kjende med ein gong at dette ikkje var bra.
Dagrun gir smertestillande og undersøker handa.
Handleddsbrot er smertefullt og Helga får meir bedøving.
Dagrun ser på bileta at Helga har eit komplisert brot.
Fleire må trå til når bruddet skal reponerast.
Reponering foregår ved å strekke brotendene frå kvarandre. Her må fleire ta i. Gipsen må på medan armen vert holdt i riktig posisjon.
Ein ferdig gipsa arm. Radiografen tek nye bilete.
Ein tapper pasient er klar for å reisa heim. Helgas brotskade må opererast og ho får time på Voss sjukehus nokre dagar seinare.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.