Døden på akutten

- Ein skulle jo ønskje at det ikkje skjedde. Men døden er ein del av jobben vår. Då er det meiningsfullt å kunne få bidra ved starten av ein sorgprosess.

I åtte år har akuttsjukepleiar Alexander Fludal (31) hatt jobben i akuttmottaket. 

- Du blir ikkje vand med døden, men her på huset er det jo ein del av kvardagen. For pårørande er det heilt annleis. Det er brutalt å miste ein av sine næraste heilt plutseleg. 

Når liv ikkje kan reddast er det omsorga for dei pårørande som blir det sentrale på mottaket.

alexander fludal, skuttsjukepleier.foto

- Vår viktigaste oppgåve er å stå ved dei pårørande sis side, forklare kva som skjer midt i det mest kaotiske og prøve å skape ei verdig ramme rundt plutseleg død, fortel akuttsjukepleier Alexander Fludal.

Brå død

Kvart år døyr mange menneske på Haukeland. Ofte har dei pårørande tid til å ta inn over seg at ein av dei nærmaste snart er borte. Dei rekk å ta farvel med sine, starte å arbeide seg gjennom det tunge, starte å sørge, begynne å gå vidare. På akuttmottaket treff døden oftare rått og brått.

- Ofte er det pasientar som allereie får lindrande behandling, for eksempel eldre frå ein sjukeheim, som døyr på akutten. Dei fleste som døyr her er ramma av hjartestans eller utsett for trafikkulykker eller andre traume.  Av og til er dei pårørande med inn, andre gongar rekk dei å kome mens pasienten fortsatt er i live. I nokre tilfelle kjem dei pårørande først til sjukehuset etter at den dei kjenner er død. Uansett er det viktig å involvere, svare på spørsmål og finne rom til dei pårørande.

- Kva lurer folk på?

- Dei spør om han eller ho hadde det vondt. Mange lurer på om dei var åleine. Og så spør dei om kva som faktisk skjedde. 

Ved dødsfall vert det alltid avsett ein sjukepleier til dei pårørande. Dei forklarer kva som har skjedd, kven dei ulike tilsette er, kva som skjer og vert gjort, kva utstyr som vert brukt. 

- Det kan vere voldsamt å oppleve det som skjer her på mottaket. Då er det viktig å ha ein ved sida si som forklarer.


Døden blir aldri ein vane, men her på huset er det jo ein del av kvardagen. For pårørande er det heilt annleis. Det er brutalt å miste ein av sine næraste heilt plutselig. 

Akuttsjukepleiar Alexander Fludal
Viktig å få delta
Alexander har jobba mykje med korleis ein på best mogleg vis kan ivareta pårørande når nokon døyr. Forsking viser lågare førekomst av posttraumatisk stress og komplisert sorg hos dei som har vore til stades under gjenopplivingsforsøk, samanlikna med dei som ikkje var til stades. Dette gjeld også når livet ikkje kan reddast.

- Når pårørande får sjå alt som vert gjort for å redde den dei er glad i, og når dei får sjå personen undervegs, bidrar dette til ein enklare og betre sorgprosess. 

hender.

Å FORSTÅ KVA SOM SKJER: Når pårørande får sjå alt som vert gjort for å redde den dei er glad i, og når dei får sjå personen underveis, bidreg dette til ein enklere og betre sorgprosess.

Dei aller fleste får derfor moglegheit til å bli med inn på resusiteringsrommet der gjenoppliving eller livredning skjer.

- Før meinte ein at dette ikkje var ein stad for pårørande. No har ein forstått at det kan vere viktig å få vere med også her. Mange som kjem inn har sjølv bidrege i gjenopplivingsforsøk. Då kan det opplevast heftig å bli stengd ute når dei kjem fram hit. Derfor er dørene ofte opne også i slike situasjonar. 

Endeleg stadfesting på døden


I den nye mottaksklinikken på Haukeland har døden fått eigne rom. På stillerommet blir familie og nære invitert til ein prat, ein kaffikopp og en kjeks.

- Midt i alt er det utruleg godt å kunne få sette seg ned med noko i hendene. Her kan dei vente saman medan den døde vert stelt. Ofte har ein av sjukehuset sine prestar kome til. Det er ikkje mykje forkynning på stillerommet, men veldig mange opplever at prestane er gode samtalepartnarar i ein krisesituasjon.

stillerom.foto

PÅ STILLEROMMET: Samtale, saft - eller stillhet.

Bårerommet ligger vegg i vegg med stillerommet. Mange pårørande har følgt pasienten gjennom eit akuttmottak fylt med folk og utstyr, sett gjenopplivingsforsøk, stått i sterke inntrykk. På bårerommet er det ro, den døde er stelt og lys er tend.


BÅREROM

PÅ BÅREROMMET: Her vert den døde stelt og lys vert tend. - For mange er dette staden der dei for første gang klarar å ta inn over seg at livet faktisk er slutt.

- Før dei pårørande kjem inn på bårerommet steller og vaskar vi den døde. For å unngå at haka fell ned set vi på hakestøtte. Dersom den døde kan ha eigne klede er dei på, dersom dei er skitne eller øydelagde skifter vi til sjukehusklær.

- Korleis er det for dei pårørande å kome inn hit? 

- For mange er dette staden der dei for første gang klarer å ta inn over seg at livet faktisk er slutt. Etter kvart kjem ofte dei praktiske spørsmåla. Kva gjer vi no? Kva gravferdsbyrå kan vi ringe? 

- For mange blir det enklare å gripe fatt i desse praktiske tinga enn å møte sorga. Det er jo ikkje rart. For oss blir det viktig å svare på det vi kan. 

brosjyrer.foto

ETTERPÅ: Kva skjer no? Mange spørsmål dukker opp. På akuttmottaket fins ein del av svara. 

Djupe spor

Gjennom åtte år har Alexander møtt ein del pårørande som har mista ein av sine. Eitt av dødsfalla har sett spor. Ein ung gut hadde prøvd å avslutte livet. Pårørande var på veg inn til akutten og fekk beskjed om at han var lagt på hjarte/lunge-maskin. Då dei kom fram var behandlinga avslutta, og pasienten var død. 

- Det var i ei høgtid, og alt skjedde heilt plutselig for dei rundt. Dei hadde hatt ei så fin tid saman i dagane før. Så stod dei plutseleg rundt ei seng i eit bårerom og måtte ta farvel med ein son, ein bror, ein venn. Det var tøffe tak rundt den senga. Men for meg var det likevel meiningsfylt å få vere der for dei, avsluttar Alexander. 


akutt sjuk

  • Døden på akutten

    - Ein skulle jo ønske at det ikkje skjedde. Men døden er ein del av jobben vår. Då er det meiningsfullt å kunne få bidra ved starten av ein sorgprosess.

  • Dei som tek i mot deg

    Når du kjem akutt til sjukehuset er dei ei rekke menneske fra ulike yrkesgrupper som står klare for å ta i mot deg. Møt 12 av dei som gjer alt klart for deg på Mottaksklinikken.

  • Hjartesmerte: Kva skjer på akutten?

    Kvar dag kjem omlag 20 pasientar til Akuttmottak med smerter i brystet. Det er ikkje alt som er alvorleg hjartesjukdom. Rask utgreiing er alltid avgjerande. Sjå filmen her.

  • Akutt til sykehuset: Hvorfor må jeg vente?

    Når er du en grønn, gul, oransje, rød eller blå pasient? Få svarene fra overlege Marianne Reimers ved Mottaksklinikken.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.