Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dei som tek i mot deg

Når du kjem akutt til sjukehuset er dei ei rekke menneske fra ulike yrkesgrupper som står klare for å ta i mot deg. Møt 12 av dei som gjer alt klart for deg på Mottaksklinikken.

Mottaksklinikken tek i mot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp, alt frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom eller skade. På Mottaksklinikken får pasientane ei rask og presis utgreiing, noko som gjer at pasienten får rett behandling på rett stad til riktig tid. 

Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus består av Akuttmottak, Korttidsposten, Utgreiingsmottak og Akuttpost Bergen legevakt. Dei tre første er lokalisert på sjukehuset medan Akuttposten held til på Bergen legevakt.

Her får du møte menneska som tek i mot deg på Mottakskliklinikken. Velkommen inn! 

kokk.foto

Heidi S. Gjerde arbeider som kokk på Korttidsposten. - Eg liker å skape trivsel og får smil og takk frå pasientane som seier at maten har stor betydning. Det gode samarbeidet med resten av personalet gir eit veldig godt resultat.

 

forsyningsportør

Bjarte Vilsvik arbeider som forsyningsportør. Han kontrollerer, bestiller og fyller skapa med rett mengde forbruksmateriell (bandasjar, hanskar, sprøyter o.l.) - Arbeidsdagen kan vere både roleg og hektisk, det er ein kjekk plass å vere.

reinhaladr.foto

Imaam Bushura er reinhaldar og ansvarleg for at golva i mottaksklinikken skin. - Arbeidsdagen er stort sett lik, med litt variasjon. Eg trivst godt, litt meir enn 100 prosent!

 

helsesekretør.foto

Stephanie Andrea Figueroa er helsesekretær i mottaksklinikken, fleire helsesekretærar rullerer på ulike oppgåver. Denne dagen tek ho blodprøvar av pasientane som har kome inn akutt. - Vi veit aldri kva pasientar som kjem, det er uføreseieleg, det er det som gjer det gøy.

sjukepleiar.foto

Line Heldal Sandvik arbeider som sjukepleiar i akuttmottak. - Det er kjekt at vaktene raskt kan skifte frå roleg til veldig hektisk. Vi tar imot alle typar pasientar i alle aldersgrupper og det tverrfaglege samarbeidet er tett.

 

Sterilforsyningstekniker.foto

Jonalyn Dahle er sterilforsyningsteknikar og har ansvar for å vaske brukt fleirgangsutstyr og sende det til sterilsentralen for pakking og sterilisering. - Det er ofte stor aktivitet og dermed stort forbruk på ettermiddag og kveld. Det kan vere ei utfordring å samle/finne alle instrumenta.

helsesekretær.foto

Bente Fløysand Sivertsen er helsesekretær i Mottaksklinikken, fleire helsesekretærer rullerer på ulike oppgåver. Denne dagen er ho i resepsjonen på Utgreiingsmottak I. - Her er det hektisk, mange telefonar. Alle pasientane skal til undersøkingar og vi følgjer dei om vi har tid. Det er kjekt at det skjer litt, dagen går fort.

helefagarbeider.foto

Marte Loddengaard arbeider som helsefagarbeidar i Utgreiingsmottak I. - Her er det fort inn og ut og det er mange ulike problemstillingar. Variasjonen i arbeidet gjer det spennande og kjekt.

bioingeniør.foto

Hilde Vines er fagbioingeniør, ho har tilsyn og dagleg vedlikehald på laboratoriet sine instrument i Mottaksklinikken. - Det er viktig at analysane av blodprøvene kan utførast heile døgnet, maskinene skal ha minst mogleg nedetid.

radiogarafr.foto

Hanne-Christine Olsen og Marita Mjåtveit er radiografar i Mottaksklinikken. Dei utfører røntgenundersøkingar på svært mange av pasientane som vert innlagt akutt. - Vi samarbeider tett med resten av Mottaksklinikken og er ein viktig del av flyten. Plasseringa gjer alt enklare og meir effektivt.

overlege.foto

Dagfin Markussen er overlege i Mottaksklinikken. I løpet av ei vakt må han grovsortere 50-100 pasientar, det vil seie at han slusar dei vidare til riktig avdeling. - Her møter vi fleire pasientar enn dei gjer på dei fleste andre avdelingar. Vaktene er uføreseielege og det er kjekt.

#blimedinn






akutt sjuk

    Sist oppdatert 27.05.2022