Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

5 myter om Sandviken

Kva er fakta  - og kva er faktisk feil - om det myteomspunne sjukehuset som ligg i Sandviken?

«Sandviken sykehus»… - faktisk så heiter det ikkje det her lenger, har ikkje gjort det på 16 år. Vi har vore ein en del av Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus (HUS) sidan 2003 og vi heiter Psykiatrisk klinikk. På haugen bak oss ligg Klinikk for sikkerheit, som også er ein del av Haukeland. Bergensarane held fram med å kalle oss «Sandviken», det same gjeld media. Pasientane er «på Sandviken», mens bebuarane i området bur «i Sandviken». Namnet skjemmer som kjend ingen, men faktum er at det er mange mytar knytte til dette namnet – og til dette sjukehuset.

5 myter - og svara som avslører dei - er skriven av  Kristin Jordheim Bovim, klinikkdirektør ved Psykiatrisk klinikk. 
tilsette på psykiatrisk klinikk.foto

Bloggforfattar og klinikkdirektør meiner sjukepleiarane ved Psykiatrisk klinikk er dei beste i verda.

Myte 1:
«Pasientar på Sandviken blir aldri friske» 

Psykiske lidingar er så mangt, frå akutt krisereaksjon etter at kjærasten har slått opp eller etter ein valdtekt på byen, til depresjonar, bipolar liding og mykje, mykje meir. I snitt ligg pasientar hos oss to dagar i akuttmottaket (psykiatrisk akuttmottak -  PAM), tre til seks veker i resten av sjukehuset. Nesten alle som skrivast ut herifrå er veldig mykje betre enn då dei kom. 

Dei fleste pasientane dreg heim med oppfølging av poliklinikk eller fastlege, nokon får tilbod om oppfølgingsopphald på open post eller ein dagavdeling på eit distriktpsykiatrisk senter (DPS), og veldig mange blir heilt friske. Kort fortald; det er ikkje spesielt annleis her enn i resten av medisinen. 

Eg plar å seie at schizofreni er «psykiatriens kreftsjukdom», der mange klarer seg fint, men ein del har dårleg prognose. 

Kristin Jordheim Bovim

Den alvorlege sjukdommen schizofreni er nok den lidinga som er vanskelegast å bli heilt frisk av, og den debuterer som oftast i ungdomsåra. Med god behandling frå første sjukdomsteikn, er prognosen mykje betre no enn for berre få år sidan. 70-80 prosent av menneske med diagnosen klarer seg fint i livet, med få tilbakefall. 

Myte 2:
«Alle pasientar på Sandviken er der under tvang»

Pasientar kjem som oftast til oss som såkalla øyeblikkeleg hjelp (ØH) frå legevakta eller frå fastlegen. Kvart år er det om lag 2300 pasientar som kjem til PAM, per døgn varierer det frå tre til 15, men i snitt tek vi i mot  seks-sju pasientar kvar dag. Av desse har om lag 60 prosent med seg eit krav om tvangsinnlegging frå legen der. Innan det har gått 24 timar må vår psykiater ta stilling til om det er nødvendig eller ikkje. 

Det er utruleg kva god akutt behandling kan gjere. Vi skal ta vennleg imot alle, gje ein grundig og god samtale med lege, sørgje for at pasienten kjenner seg trygg og fell til ro. Ved ny vurdering neste morgon, ser vi at tvangsinnlegging slett ikkje er nødvendig. 25-30 prosent av pasientane som kjem til PAM blir tatt imot til tvangsinnlegging, resten tek vi imot til frivillig behandling. Av dei blir dei fleste skrivne ut etter få dagar, eller overførte til eit DPS. Pasientar som blir overførte frå PAM til ein av dei andre postane her hos oss, er under tvang i 60-70 prosent av tilfella, så blir dei overførte til frivillig behandling når dei blir betre. 

Vi vil redusere tvang så mykje som mogleg, men det er mykje god omsorg i riktig bruk av tvang. I mange tilfelle er det avgjerande for liv og helse. 

Myte 3:
«Alle dørene på Sandviken er låste, akkurat som i eit fengsel»

Det er heilt riktig at alle postane på Sandviken er såkalla lukka postar. I det ligg det at du må ha nøkkel for å låse deg både inn og ut, og det er berre dei tilsette som har nøklar. Årsaka til det er at dei fleste pasientane anten er til fare for seg sjølve fordi dei slit med sjølvmordstankar, eller har psykose med vrangførestillingar som gjer at dei lett kan hamne i mange slags problem. 

Det er svært sjeldan at pasientar er hos oss fordi dei er farlege for andre enn seg sjølve. 

Kristin Jordheim Bovim

Den store forskjellen frå fengsel er at pasientane våre ikkje har gjort noko straffbart og at vi gjerne vil at dei skal kome ut igjen så fort som mogleg! Vi gjer alt vi kan for å hjelpe dei med å få det til. 

Her er det på sin plass med ei lita tilføying: Klinikk for sikkerheitspsykiatri er ein liten avdeling med 18 senger. Dei tek imot dei vanskelegaste og potensielt farlegaste pasientane på Vestlandet. Klinikken ligg for seg sjølv på haugen bak hovudbygga, omringa av høge gjerder og piggtråd. Den gode nyheita er at også fleirtalet av desse pasientane blir ganske bra og kan skrivast ut, men då gjerne etter behandling over fleire år. Vi hjelper dei med å finne sin plass i samfunnet igjen.

Myte 4:
«Du må vere mann, stor og sterk for å jobbe på Sandviken» 

Det er flest kvinner som utdannar seg til sjukepleiarar, det viser seg i kjønnssamansetnaden  hos oss og. Det er absolutt flest kvinner (62% for å vere nøyaktig), ofte unge, idealistiske kvinner med stort engasjement for menneske som slit psykisk. Våre sjukepleiarar er verdas beste! For å jobbe her krevst det mykje tolmod, at ein er raus, varm og tolerant. Vi er jo den einaste delen av helsevesenet som pasienten i mange tilfelle ikkje ønsker behandling hos! 

Mange pasientar er meir redde enn sinte, dei slit med elendig sjølvbilete og blir fort krenkte. 

I staden for store musklar, møter vi pasienten med ro, tryggleik, respekt og vennlegheit.

Kristin Jordheim Bovim

Sjukepleiarane våre jobbar med dette heile tida, dei tek kurs og øver på korleis unngå å hamne i ein situasjon der det er ein fordel å ha musklar. 

Det er få tilfelle at musklar er ein uttalt fordel. Sjukepleiarane våre er svært bevisste på at dei må bruke seg sjølv i møte med pasienten og det er deira viktigaste reiskap. 

Myte 5:
«Du treng ikkje ha fagutdanning for å jobbe på Sandviken»

Dette var nesten heilt sant, - for 30 år sidan! No er det rett og slett heilt feil! Nærmare 40 prosent av om lag 500 tilsette er sjukepleiarar og nesten halvparten av dei igjen har relevant vidareutdanning/spesialutdanning, dei fleste innan psykisk helsevern. 

Vi er konstant på utkikk etter dei beste mannlege sjukepleiarane, og fordi det er få mannlege sjukepleiarar å få tak i, er ein del av våre assistentar og ekstravakter menn. Vi treng mangfald og våre mannlege assistentar er knallgode og har mange år med erfaring. Mange som studerte i Bergen for ein del år tilbake kan fortelje om karriere som ekstravakt på Sandviken, der kravet berre var å vere mann.  I dag tar vi sjeldan inn ekstravakter som ikkje er studentar innan psykologi eller helsefag. 

Ei populær frase som går igjen i media er «Vi har alle ei psykisk helse». Sjølvsagt har vi det! Den er truleg som oftast ganske god, men i andre periodar kan den vere ganske dårleg. Det rammar like urettferdig som all anna sjukdom. Då er det viktig at det finst eit «asylum», som betyr «fristad», der nokon tek vare på deg!  

Av Kristin Jordheim Bovim, klinikkdirektør ved Psykiatrisk klinikk i Helse Bergen.  

Les fleire artiklar i #BliMedInn-serien

Sist oppdatert 26.08.2023