Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samfunnsansvar i Helse Bergen

I denne årlege utgreiinga er temaet korleis vi tar samfunnsansvar gjennom å arbeide for at vår verksemd i minst mogeleg grad skal ha negativ påverknad på menneske, miljø og samfunn.

Publisert 30.06.2023
hender i gressplen som danner et hjerte

​​​I sjukehuset blir temaet samfunnsansvar ofte forbunden med korleis vi kan maksimere vårt positive bidrag gjennom arbeidet med dei fire hovudoppgåvene; pasientbehandling, forsking, utdanning og opplæring.

I denne årlege utgreiinga er temaet korleis vi tar samfunnsansvar gjennom å arbeide for at vår verksemd i minst mogeleg grad skal ha negativ påverknad på menneske, miljø og samfunn. 

Utgreiinga er lagd med utgangspunkt i Rammeverk for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, som gjeld for alle sjukehusa i Noreg.​​

Overordna er det av betyding at Helse Bergen er ein aktør som tek dette samfunnsansvaret på alvor, og arbeider systematisk med å kartleggje og redusere dei negative konsekvensane som følgjer i kjølvatnet av å drive ei stor sjukehusverksemd. 

Vi skal og vere open når det gjeld å synleggjere kva vi har av negativ påverknad på våre omgjevnadar, og kva vi gjer av grep for å forhindre og redusere skadane. Det gjer vi mellom anna gjennom å offentleggjere denne utgreiinga her.