Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

FNs berekraftsmål

Nasjonale klima og miljømål for spesialisthelsetjenesten 2022-2030

Klimaendringar er ifølge Verdens helseorganisasjon den største helsetrusselen me står ovanfor. Alle, både verksemder og privatpersonar, må bidra for å sikra framtida til dei som kjem etter oss.

​I eierskapsmeldinga (Meld. St. nr. 8 (2019-2020)​) kjem det klårt fram at staten som eigar forventar at dei regionale helseføretaka er ledande i sitt arbeid med ansvarleg verksemd mellom anna med å redusere sitt klima- og miljøavtrykk. 

Spesialisthelsetenesta set, gjennom heile si verksemd, eit solid avtrykk. Det betyr at også potensialet vårt for å kutte utslepp er stort. Omverda, tilsette, pasientar og pårørande har ei forventning om at sjukehusa tek ansvar, og bidreg til å redusera utslepp frå eiga drift. Helsepersonell har høg tillit i befolkninga og er slik i ein god posisjon for å kunne bidra til å påverke i riktig retning.

For å utnytte potensialet for kutt er omstilling naudsynt. RHF-a har sett til det statlege sjukehuset NHS England i miljøarbeidet. Eit sentralt poeng i deira miljøsatsing er at alle medarbeidarar må med for å nå måla. Det er omlag 150.000 tilsette på norske sjukehus. Mange ynskjer å bidra. 

Nasjonale klima og miljømål for Spesialisthelsetenesta 2022-2030

Hovudmål

Redusera CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030. 

Delmål 

  1. ​Redusera helsetenesteassosierte infeksjonar
  2. Redusera energiforbruk med 20 prosent innan 2030 og auka delen gjenvinningskraft
  3. Minimum 20 prosent av dei polikliniske konsultasjonar skal vera over video og telefon
  4. Matavfall skal reduserast med 50 prosent innan 2030
  5. Produkt utan (utslepp av) helse - og miljøskadelege stoff skal vera 75 prosent innan 2030
  6. Fossilfrie sjukehus og redusert reiseverksemd for tilsette innan 2030
  7. Miljømedvitne tilsette i alle einingar
Grafisk fremstilling av FNs bærekraftsmål (3, 7, 9, 12, 13 og 17): Innen 2030 redusere Co2e-utslipp med 40 prosent
Innan 2030 redusere Co2e-utslepp med 40 prosent. Langsiktig mål: Klimanøytralt innan 2045.
Sist oppdatert 19.12.2023