FNs berekraftsmål
Nasjonale klima og miljømål for spesialisthelsetjenesten 2022-2030
Klimaendringar er ifølge Verdens helseorganisasjon den største helsetrusselen me står ovanfor. Alle, både verksemder og privatpersonar, må bidra for å sikra framtida til dei som kjem etter oss.
I eierskapsmeldinga (Meld. St. nr. 8 (2019-2020)) kjem det klårt fram at staten som eigar forventar at dei regionale helseføretaka er ledande i sitt arbeid med ansvarleg verksemd mellom anna med å redusere sitt klima- og miljøavtrykk.
Spesialisthelsetenesta set, gjennom heile si verksemd, eit solid avtrykk. Det betyr at også potensialet vårt for å kutte utslepp er stort. Omverda, tilsette, pasientar og pårørande har ei forventning om at sjukehusa tek ansvar, og bidreg til å redusera utslepp frå eiga drift. Helsepersonell har høg tillit i befolkninga og er slik i ein god posisjon for å kunne bidra til å påverke i riktig retning.
For å utnytte potensialet for kutt er omstilling naudsynt. RHF-a har sett til det statlege sjukehuset NHS England i miljøarbeidet. Eit sentralt poeng i deira miljøsatsing er at alle medarbeidarar må med for å nå måla. Det er omlag 150.000 tilsette på norske sjukehus. Mange ynskjer å bidra.
Nasjonale klima og miljømål for Spesialisthelsetenesta 2022-2030
Hovudmål
Redusera CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030.
Delmål
- Redusera helsetenesteassosierte infeksjonar
- Redusera energiforbruk med 20 prosent innan 2030 og auka delen gjenvinningskraft
- Minimum 20 prosent av dei polikliniske konsultasjonar skal vera over video og telefon
- Matavfall skal reduserast med 50 prosent innan 2030
- Produkt utan (utslepp av) helse - og miljøskadelege stoff skal vera 75 prosent innan 2030
- Fossilfrie sjukehus og redusert reiseverksemd for tilsette innan 2030
- Miljømedvitne tilsette i alle einingar
![Grafisk fremstilling av FNs bærekraftsmål (3, 7, 9, 12, 13 og 17): Innen 2030 redusere Co2e-utslipp med 40 prosent](/4afb09/contentassets/d080301defa64e6895eaacd78a24a16c/skjermbilde_spes-helsetjenestens-klima-og-miljomal-2022-2030_ny.png?width=735&height=490.245&quality=80&rxy=0.49,0.33&format=webp)