Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Berekraftsmål 12

Ansvarleg forbruk og produksjon

Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. I sjukehuset er det et stort forbruk av materiell, og det er vesentleg å redusere unødig forbruk av ressursar, sikre gjenvinning og ombruk og redusere avfallsmengdenei alle delar av livssyklusen. Spesialisthelsetenesta har ein stor innkjøpsmakt og skal vere ein pådrivar for miljøvennleg innkjøp og sirkulær økonomi.

FNs berekraftsmål nummer 12 - Ansvarleg forbruk og produksjon. Grafikk

Måling av mikroplast i avløpsvatnet frå vaskeriet gir viktig kunnskap for innkjøp av klær til sjukehuset.​ Helse Bergen har i samarbeid med NORCE målt utslipp av mikroplast frå avløpsvatnet ved vaskeriet på Haukeland. 

Det er gitt økonomisk støtte frå Handelens miljøfond til å føreta analysane og skrive rapport:

Rapport:​ Måling av mikroplast i næringsvaskeri (PDF)

Analysane frå vask av ulike tekstilar viser at uniformar med bomull og plast (50/50%) slepp ut meir partiklar og mikroplast enn uniformar med Lyocell og plast (50/50%). 

Det viser at uniformene med Lyocell og plast er meir haldbare og kan vaskast fleire gonger enn uniformar med bomull og plast. Det betyr at ved å bruke uniformar av Lyocell og plast kan ein redusere innkjøp av nye uniformar  og avløpsvatnet inneheld mindre partiklar og mikroplast som igjen gir mindre miljøskadeleg utslipp. 

Europeisk pris for felles nordiske miljøkriterier

Island, Norge og Danmark mottok ny europeisk pris for første felles nordiske anbod på legemiddel der også miljø blei vektlagt som evalueringskriterium.

Les meir om pristildelinga
Flaggstenger med de fem nordiske landene sine flagg; norsk, islandsk, dansk, svensk og finsk.

Sjukehusa skal redusere plastbruken

Sjukehusa tar utfordringa og følger opp ein rapport frå rådgivingsselskapet Mepex som dokumenterer kor mykje plast sjukehusa brukar og peikar på moglege tiltak.
Les meir om rapporten og tiltak
Kvinnelig helsepersonell holder prøveglass opp i luften. Foto

Stansar bruk av klimafiendtlege astmainhalatorar

Offentlege sjukehus i Noreg vil frå 2025 kutte ut all bruk av astmainhalatorar med klimagassar.
Les meir om klimatiltaket
Portrett Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest.

Miljøseier for Sykehusinnkjøp i KOFA

Sykehusinnkjøp braut ikkje regelverket for anskaffingar ved å vekte miljøkriterier høyt, slår Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) fast.
Les meir om anskaffinga og miljøkriterier
Hender holdes rundt bobler med jordkloden inni mot blå bakgrunn. Bildemontasje

Vil minske utslipp av mikroplast

Tøyvask er blant dei aller største kjeldene til utslepp av mikroplast. Ved sjukehuset blir det jobba med ulike miljøtiltak for å redusere utslipp.
Les nyheitssak på nrk.no
Tilsett i vaskeriet på Haukeland universitetssjukehus. Foto

Helse Bergens arbeid med berekraftsmåla

    Sist oppdatert 19.12.2023