Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kan bygg vere helsefremjande?

Det var eit av fleire tema for konferansen Rett vest - ein konferanse om arkitektur og helse som i år handla mykje om utviklinga av sjukehusområdet på Haukeland.

i:0e.t|nhn prod adfs|hbe%7clena.kleveland.dahl@helse-bergen.no
Publisert 15.03.2019
Sist oppdatert 19.12.2023
Fleire barn leiker i resepsjonsområde i sjukehus. Foto
Leikne omgjevnadar i det nye barne- og ungdomssjukehuset på Haukeland.

– Arkitektur kan vere både begeitstring og omsorg, sa Maria Molden som fekk æra av å opne konferansen som fann stad i Bergen 15. mars.

Som byarkitekt i Bergen kommune har ho vore opptatt av ulike prosjekt si betyding for samfunnet. – Bergen blir stadig fortetta, men korleis sørgjer vi for tilstrekkeleg livskvalitet?

Les meir om konferansen og programmet

Molden viste mellom anna til Stiftelsen Friluftssykehuset der hyttar blir oppført på sjukehustomter for pasientar som er for sjuke til å reise heim, men som treng eit avbrekk frå sjukehustilværet. 

Grunntanken her er at meistringsopplevingar, trygge medmenneskelege erfaringar og naturbaserte sanseinntrykk har ein positiv verknad på meistring av sjukdom. Sjølv om pasientane ikkje har krefter til å gå i naturen, kan ein gi dei nærleik til naturen. 

 

 

Høg aktivitet på Haukelandsområdet

Det skjer mykje i skuggen av byfjellet Ulriken for tida. På Haukeland er den største ombygginga og utbygginga sidan Sentralblokka blei bygga i 1970- og 1980-talet godt i gang.

Trinn 1 av det nye barne- og ungdomssjukehuset ved Haukeland universitetssjukehus opna for knappe to år sida. I dei karakteristiske Glasblokkene skal barn, unge og fødande og deira familier få eit heilskapeleg, tilpassa og samanhengande spesialisthelsetenestetilbod. 

Like etter opninga i 2017 vann bygget Bergen kommunes Arkitektur- og byfornyingspris. I grunngjevinga heiter det at bygget er «eit eksempel på ein svært vellukka nyoppbygging av ein institusjon for ein i utgangspunktet sårbar gruppe». 

To unge jenter sitter i sofa og spiller dataspill. Foto

Ungdomsrommet i det nye barne- og ungdomssjukehuset skal vere ein stad der unge kan kople av frå behandling og fritt for helsepersonell.

No er bygginga av trinn 2 i full gang, og i 2023 flyttar Barne- og ungdomsklinikken, samt føde- og barseltilbodet frå Kvinneklinikken inn i det som vil bli det mest komplette sjukehuset i Noreg for barn, unge og fødande. Og det er ikkje berre tenestetilbodet som skal byggast med heilskapleg perspektiv.

Alt heng saman

– Jorda er ein detalj i universet; ein by er ein detalj i landskapet og eit bygg er ein detalj i byen. Denne heilskapen er viktig, det er viktig at det er ein samanheng mellom ute og inne, innleia Torben Schønherr sin presentasjon. Han er landskapsarkitekt ved Schønherr Landskabsarkitekter som har vore landskapsarkitekter for det nye barne- og ungdomssjukehuset. Dei har spurt seg: Kva er det norske landskapet?

Hagene mellom glassblokkene. Grafikk/illustrasjon

Illustrasjon: Beauty & the bit

Skog, myr og fjell. Innimellom dei nye glitrande Glasblokkene har ein gjort plass til langstrokne hagar der ulike utsnitt av landskapet blir dratt inn. Og arkitektane har oversett landskapet til symbolar og figurar som du kan finne igjen inne i bygget i form av spor og sjablongar av ulike dyr på veggane.

Eit sjukehus i barnehøgd med god tilgang på dagslys, og barn og unge i alle storleikar vil ha moglegheit for utsikt og opplevingar der verda utanfor trekkast inn i rommane.

Oversiktsbilde byggeplass nord for Sentralblokka. Foto

Byggetrinn 2 av barne- og ungsomssjukehuset på Haukeland er godt i gang.

Ein vårdag i 2035

På konferansen tok administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen, oss med på ei framtidsreise til sjukehusområdet ein vårdag i 2035.

Med utgangspunkt i Utviklingsplan 2035 delte han sine tankar om korleis han ser for seg dei nye bygga i 2035, og ikkje minst korleis vi organiserer aktiviteten som skal føregå i bygga.

– Vi må tenkje tenester i det lange løp og bygga må vere tilpassa tenestene. Arbeidsprosessar og funksjonar endrar seg, og vi må ha bygg som er fleksible, sa Hansen og peika på utviklingstrendar.  

Illustrasjon familierom.

I framtidas fødsels- og barselomsorg får far vere med også etter fødselen.

Meir pasientbehandling kan skje i heimen med hjelp av digitale verktøy. Samarbeid på tvers for å forbetre samanhengen mellom tenestane i kommunane. Helse Bergen skal også bygge nytt protonsenter til gode for pasientar. Ny teknologi gjer at det er mogleg å redusere seinskadar, særleg for barn og unge som er i starten av livet.

– Korleis sikrar vi gode arbeidsprosessar og kompetanseheving? Vi skal ikkje berre samarbeide internt i sjukehuset eller lokalt, men på tvers av landet. Her må vi ha dei tilsette med på reisen, understreka Hansen. 

–Vi skal framleis drive sjukehus på Haukeland i 2135, sjølv om ikkje eg blir den som skal gjere det. Vi er ein del av eit langt utviklingsløp og vi må tenkje strategisk for framtida.

Eivind Hansen

 

Leiken som logikk

Haukeland universitetssjukehus er ikkje aleine om å samle sine tilbod til barn, unge og fødande kvinner. I København bygger dei også eit nytt sjukehusbygg som skal huse tilbodet til barn, unge og fødande. Christian Schousboe Platz frå Arkitema Architects presenterte «Børneriget», der leiken er eit grunnprinsipp for designet.  

Arkitekttegning Børneriget i København. Illustrasjon

«Børneriget», det nye sjukehusbygget for barn, unge og fødende i København, har form av to opne handflater.

– Barn held ikkje opp å leike berre fordi dei blir sjuke. Leiken kan vere bra for barnets aksept av sykdom og behandling. Vi ønskjer å gjere skillet mellom sjukehus og heim mindre, fortel Platz.  

– Kva skal til for at kroppen hjelper til med å bli frisk? Dagslys og frisk luft bidrar til å senkje stressnivåa hos pasientane. Vi forsøkjer å gi pasientane tilbake kontroll på tida mellom behandling, måltid, fellesareal som ber minst mogleg preg av å vere sjukehus.

Les meir om «Børneriget» i København

 

Interiør Børneriget i København. Foto

Fellesareala skal ikkje bere preg av sjukehus.

 

Ungdom på sjukehus

Her på Haukeland ønsker vi å legge til rette for at ungdom får god, tilpassa informasjon om sjukdom og behandling. Vi vil gjere vårt beste for at du skal kunne halde kontakt med vener og familie, og at du ikkje går glipp av for mykje skulegang.
Les meir om ungdom på sjukehus
Ungdomsraadet_DSC08436_banner.jpg

Barn på sjukehus

Eit opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. At barnet har foreldre eller andre nærståande personar med seg som støttar dei, er avgjerande. Som sjukehus prøver vi å legge til rette for at opphaldet skal vere litt meir enn berre sjukdom og behandling.
Les meir om barn på sjukehus
BUK_akuttmottak_venterom_pasientmøte_pasient_sjukepleiar_2.jpg