Smilende ungdommer foran graffitivegg.Foto

Ungdom på sjukehus

Å vere ung på sjukehus kan vere utfordrande. Informasjon som er vanskeleg å forstå, framande rutinar, møte med ukjent helsepersonell og lengt etter vener og familie.

På Haukeland ønsker vi å legge til rette for at du får god, tilpassa informasjon om sjukdom og behandling. Vi vil gjere vårt beste for at du skal kunne halde kontakt med vener og familie, og at du ikkje går glipp av for mykje skulegang.

På denne sida får du ei oversikt over behandling og andre aktivitetstilbod medan du er på Haukeland. Ta gjerne kontakt med oss eller Ungdomsrådet dersom det er noko du lurer på eller saknar informasjon om.

Har du innspel?

Har du noko du har lyst til å fortelje oss? Noko du er nøgd eller misnøgd med?

Kontakt Lytteposten

Telefon 95 89 05 55 | E-post lytteposten@helse-bergen.no


Tilbod for ungdom ved sjukehuset

Musikkterapi Pasientbibliotek Skuletilbod Urtehagen 

Avdelingar med barn og ungdom

Barnekirurgisk post Barne- og ungdomsklinikkenHabiliteringstenesta for barn og ungdom Psykisk helsevern for barn og unge

Kva organisasjon passar for meg?

Sjå oversikt over pasient- og brukarorganisasjonar på helsenorge.no