Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gjer Etiopia sjølvforsynt med nevrokirurgar

Sidan 2009 har Haukeland universitetssjukehus støtta utdanninga av nevrokirurgar ved Black Lion Hospital i Addis Abeba. Samarbeidet har gjort at det etiopiske sjukehuset no er sjølvforsynt med eigne kirurgar.

Publisert 14.12.2017
Sist oppdatert 19.12.2023
Nevrokirurgar i Etiopia
Dei fire med dress som sit fremst, er kandidatane som blei uteksaminerte i år. I midten står dei tre eksaminatorane: Ruby Mahesparan (Haukeland), Sarah Woodrow (nevrokirurg frå USA) og Knut Wester (pensjonert nevrokirurg frå Haukeland).


- Vi synest det er heilt fantastisk at avdelinga ved Black Lion Hospital (BLH) no har sine eigne nevrokirurgar, og at vi har fått til det gjennom dette programmet. Det inneber også at vi kan få sende våre LIS-legar (Legar i Spesialisering) dit for mengdetrening og kompetanseheving. Mengdetrening i eit kirurgisk fag er svært viktig for å lære og vedlikehalde kirurgiske teknikkar, seier overlege Ruby Mahesparan ved Nevrokirurgisk avdeling på Haukeland.

Utveksling

Ho er nett komen tilbake frå Etiopia der ho har deltatt både i opplæring i kirurgi, undervisning og i eksaminering av nye kirurgar. Der hadde overlegen også med seg ein LIS-lege frå nevroklinikken som med rettleiing frå overlegen, fekk utføre fleire operasjonar. Gjennom samarbeidet har norske legar og sjukepleiarar i løpet av dei ni siste åra vore alt frå 14 dagar til eitt år ved BLH i Etiopia. I perioden 2009-2015 har 25 legar og sjukepleiarar frå BLH hospitert på Haukeland som ein del av samarbeidsprosjektet.

 

I årets kull var det fire kirurgar som blei uteksaminerte, men ingen kvinner blant dei denne gongen.
- Det var ein kvinneleg nevrokirurg  som blei uteksaminert for to år sidan, og no er det tre kvinner som er under utdanning, så det er ei svært positiv utvikling, seier Mahesparan.
Mahesparan fortel at dei etiopiske nevrokirurgane utfører det meste innan nevrokirurgi, og at dei stort sett opererer hovudskadar, nakke- og ryggskadar, barn med hydrocefslus (vannhode), ryggmargsbrokk, store godarta svulstar og degenerative ryggar og nakkar (forandringar grunna alder eller slitasje).


Berekraft

Totalt er det no 25 nevrokirurgar som er utdanna gjennom programmet. Målet med prosjektet har vore å etablere eit utdanningsprogram innan nevrokirurgi og eit bærekraftig nevrokirurgisk tilbod til pasientar i Etiopia gjennom utdanning av spesialistar og opplæring av sjukepleiarar innan anestesi, intensiv, operasjon og oppvakning.

Planen vidare er at dei 25 nevrokirurgane skal vere lærarar for å utvikle nevrokirurgi i Etiopia, og at det skal etablerast fleire utdanningssenter for å utdanne fleire nevrokirurgar.
- Vårt bidrag blir meir støtte for vidare fagutvikling, utvikling i operasjonsteknikkar og forsking. Vi skal også bruke samarbeidet med Etiopia til å få utdanning i sjeldne tilstandar og gi mengdetrening til våre LIS-legar og unge overlegar, seier Mahesparan.

Du kan lese meir om prosjektet her

Les også: Nyutdanna nevrokirurgar i Etiopia