Nyutdanna nevrokirurgar i Etiopia

HUS har sidan 2010 samarbeidd med Black Lion Hospital (BLH)/Addis Ababa University (AAU) om utdanning av etiopiske nevrokirurgar, kor i alt 15 etiopiske spesialistkandidatar har vore seks månadar kvar på Nevrokirurgisk avdeling på HUS.

Nyutdanna nevrokirurgar i Etiopia 2016
Bak: Tadios Munie, Azarias Kassahun, Morten Lund-Johansen, Ruby Mahesparan, Abat Sahlu, Krishna Prabhu, Hagos Biluts, Abenezer Tirsit. Foran: Abraham Tadelle, Biniyam Gebregziabher,Tadesse Kebede, Shemshedin Musefa, Brook Mesfin, Hananiah Djimbaye

​I november 2016 vart dei siste seks uteksaminert. Blant fjorårets kull var også den fyrste kvinnelege nevrokirurgen i Etiopia, Dr. Yordanos Ashagre.

Prosjektet er støtta av Fredskorpset, Haukeland Universitetssjukhus og Universitetet i Bergen. Norske legar og sjukepleiarar har vore alt frå 14 dagar til eitt år ved Black Lion Hospital i Addis Ababa, Etiopia.

Som ein følgje av samarbeidsprosjektet har Etiopia for fyrste gong ein berekraftig utdanningsinstitusjon for nevrokirurgi. Dette er ein milepæl då dei fleste afrikanske land manglar utdanningsprogrammar innan nevrokirurgi og dermed ikkje har tilgang til nevrokirurgiske tenester. Dette kan igjen betegnast som ei vedvarande krise, ikkje minst på grunn av den store aukinga i trafikkskadde som kan sjåast i mange afrikanske land. BLH/AAU  har som mål å bli eit Centre of Excellence innan nevrokirurgi i Aust Afrika, og gjev andre land i regionen tilbod å sende sine kirurgar dit for spesialistutdanning. Den fyrste kirurgen frå vårt samarbeidssjukehus, Kamuzu Central Hospital i Malawi, vart tatt opp i spesialiseringsprogrammet ved BLH/AAU i år.

Dei nyutdanna legane skal jobbe ved etiopiske sjukehus. Legane ved Black Lion Hospital, utførar no mellom 1500 og 2000 inngrep i året. Dette er nær ein ti-dobling i løpet av ein tiårs-periode. Skadar, ryggmargsbrokk og hydrocephlaus (vannhovud) dominerer sjukdomspanoramaet, men avanserte prosedyrar for svulst utføres i aukande grad.