Torsdag 18.11 kl. 11.45
Dei to sengepostane der det har blitt oppdaga smitte er stengt for inntak av nye pasientar, men desse blir innlagde på andre postar.
- Vi følger situasjonen tett og utbrotet har vore godt handtert på avdelingane, seier smittevernoverlege Dorthea Oma. - Vi ønsker sjølvsagt ikkje utbrot i sjukehuset, samtidig er det ikkje overraskande at det kan skje når smitten aukar ute i samfunnet.
I forbindelse med utbrotet på Haukeland er no det totale talet på smitta slik:
Ni pasientar er smitta.
Elleve tilsette er smitta.