Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gjeve prisar til tre forskarar på Forskingskonferansen

Eva Gerdts fekk forskingsprisen for hennar forsking på hjartesjukdom hos kvinner. Innovasjonsprisen gjekk til Khanh Do-Cong Pham for utvikling av avansert endoskopi, mens den nye «Pris til ung forskar» gjekk til Lars Thore Fadnes for hans forsking på personar med ruslidingar og hepatitt C.

Publisert 29.10.2021
Sist oppdatert 06.07.2023

​Dei tre blei heidra på den årlege Forskingskonferansen i Helse Vest torsdag kveld. Alle prisvinnarane høyrer til ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. Ein stor og stolt kveld for dei tre prisvinnarane!

Fadnes var raskt ute med skryt over alle dei som han samarbeider med, og ikkje minst til alle brukarane og brukarrepresentantane, som gjer det mogleg å forske.

​–​​ Tusen takk til Helse Vest, som har satsa sterkt på rusmedisin gjennom fleire år, sa han i sin takketale.

Pham retta ein særleg takk til alle pasientane, som stoler på det han og teamet hans gjer.

​–​ Det ligg mange menneskeskjebnar bak. Det er dét som er drivkrafta mi. Vi får ei veldig god og direkte kontakt med pasientane, og dette er medmenneske med store draumar om livet. Det er eit stor ansvar vi har, og drivkrafta går ut på at vi som menneske alltid kan få det betre!

Gerdts sa at det gjer noko spesielt når ho får ein pris av sine eigne. Og viste til at då ho var nyutdanna lege, aldri kunne tenkje seg at ho nokon gong skulle ta doktorgrad eller bli professor. Ho trekte og fram historiar om korleis vegen var som ung, kvinneleg forskar i ei mannsdominert verd, der ho opplevde mange skjær i sjøen.​

Prisvinnarar med fleire

Foto: Kjetil Alsvik

  • Styreleiar i Helse Vest, Einar Strømsvåg
  • Fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem
  • Administrerande direktør, Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen
  • Vinnaren av Forskingsprisen: Overlege ved Hjarteavdelinga Haukeland universitetssjukehus og professor ved Institutt for Klinisk medisin, Universitetet i Bergen, Eva Gerdts.
  • Vinnaren av Innovasjonsprisen: Spesialist i indremedisin og fordøyelsessykdommer og overlege ved seksjon for fordøyelsessykdommer ved Haukeland universitetssjukehus, Khanh Do-Cong Pham.
  • Vinnaren av Pris til ung forskar: Professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen, og forskningsleiar for Bergen Addiction Research ved Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen, Lars Thore Fadnes.
  • Administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne
  • Prorektor for forsking, Universitetet i Stavanger: Merete Vadla Madland

Pris til ung f​​or​sk​​​ar​​​ Lars Thore Fa​dnes​​​​​​​
Prisvinnar

Foto: Kjetil Alsvik

– Det er kjekt at rusfeltet får merksemd. ​Det skjer stadig meir spennande på dette feltet som heilheit, seier Lars Thore Fadnes. Han er professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen, og forskningsleiar for Bergen Addiction Research ved Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen – og fekk prisen til "ung forskar".

– Helse vest har gjort eit ypperleg arbeid med å støtte opp på rusfeltet, både på avdelingsnivå og føretaksnivå. Helse Vest kan vere stolt av det som er bygd opp, seier den nybakte vinnaren. Vegen inn til å forske på rusfeltet, var på grunn av nysgjerrigheit og interesse for målgruppa, fortel Fadnes.

Han fortel at fleire ruspasientar som går på LAR og samtidig har fått medikament mot hepatitt C, er blitt kurerte frå sjukdommen. Hepatitt C er ein virussjukdom som kan skade leveren. Ved ein 12 ukers kur blei 95 prosent friske, og i tillegg blei det delt ut fruktsmoothie til pasientane. Fadnes har forska på korleis ein kan betre livskvaliteten på ein heilheitleg måte og flytte fokuset ut av rusmiddelavhengigheiten.

"Fadnes har vist at hepatitt C-vaksine, saman med legemiddelassistert rehabilitering, betrar effekten av hepatitt C-vaksinen blant rusavhengige, og dermed vist at ein samansett og integrert behandling kan vere svært gunstig", skriv vurderingskomiteen blant anna i si grunngiving.

"Prisen til ung forskar" kan delast ut til ein person som ikkje er eldre enn 40 år i tildelingsåret. Vinnaren får 100.000 kroner og eit kunstverk. Prisen er nyoppretta i år og vil delast ut kvart år, saman med forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest.

Forskinga inkluderer marginaliserte grupper i samfunnet, som det i liten grad er blitt forska på, ifølgje vurderingskomiteen. Fadnes har initiert eit solid langsiktig forskingsarbeid med potensiell høg overføringsverdi til andre grupper i og utanfor spesialisthelsetenesta.​

​Har bygd opp Bergen Addiction Research

​​​Fekk Kunnskapskommunens Forsknings- og innovasjonspris 2020 i Bergen kommune

Innovas​jonspri​sen til Khanh Do-Con​​​​​g Pham​

Prisvinnar

Foto: Kjetil Alsvik

–​ Det er veldig kjekt å få ein slik for arbeidet mitt, og eg er svært takknemleg. Det er ei fin anerkjenning  for meg, seksjonen og alle medarbeidarne mine, fortel Pham.

Khanh Do-Cong Pham er spesialist i indremedisin og fordøyingssjukdommar. Med nysgjerrigheit og evne til å tenke nytt, har han utvikla ei unik evne til å meistre og ta i bruk nye endoskopiteknikkar. Med dei innovative metodane har han redda eller forlenga livet til fleire pasientar.

Les saka og sjå filmen ​på helse-bergen.no: Då Aud fekk e​in ny sjanse ​​

Tradisjonelt har endoskopi blitt brukt til diagnostikk og vore avgrensa innanfor tarmens veggar. Pham kan, med sine metodar, finne fram til organ som ligg i buken og brystkassa, og han kan gjere inngrep i tarmveggen i naboorgan som lever, bukspyttkjertel og galleblære.

​– Første gongen eg fekk eit endoskop i handa, blei eg forelska i det. Eg kan gjere så fine ting med eit endoskop, det kjennest som ein joystick! Då eg fann ut at det var mogleg å gjere terapi med endoskopet, blei eg svært nysgjerrig. Og jo meir vi klarer å få til, dess meir finn vi ut, fortel han glødande.​

​​"Vi kan løyse problem, som ingen har klart å løyse før"

–​ Eg har ei stor forplikting når eg gjer ein prosedyre, og eit lite feilgrep kan få store konsekvensar. Men eg opplever at det eg driv med, er spennande, nyttig og verdifullt. Mange kjem frå andre senter i inn- og utland og vil lære. Men eg skulle veldig gjerne hatt dedikerte legestillingar her hos oss slik at fleire kunne lært meir. For i Noreg er det berre ein handfull legar som kan gjere dette.

I nominasjonen til prisen, kan vi lese at Pham maktar å kombinere stor teknologisk og multidisiplinær innsikt med dristigheit og usedvanlege ferdigheiter, og har klart å etablere ein ny disiplin i Helse Bergen. Han har klart å samle fleire spesialitetar og avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus til eit unikt samarbeid gjennom innovasjon innanfor endoskopi. Dei siste åra har han hatt ansvar for avansert endoskopi og medisinsk utstyr på seksjonen. Fleire av teknikkane som er utvikla i Bergen, er førte vidare til andre senter i Norden.

Generelt har intervensjonell endoskopi endra totalt behandling av ei rekkje tilstander som tidligare kravde kirurgi eller ikkje hadde anna behandlingstilbod. Dei nye teknikkane har vist å forlenge levetid, gi betre livskvalitet for kreftpasientar, og bidreg til at pasientar kan ta i mot vidare kreftbehandling.

Inngrepa betrar det palliative tilbodet i Helse Vest. Konsekvensen for tenesta er redusert liggjetid, redusert ressursbruk og til slutt redusert kostnad. Seksjonen tek i dag mot tilvisingar frå heile landet for dei aktuelle prosedyrane.

Innovasjonen skjer i tett samarbeid med utstyrsprodusentane for utvikling av nytt utstyr og teknologi. Seksjonen er referansesenter for ei rekkje produsentar, og får tidleg tilgang på nytt utstyr.

Pham får 100.000 kroner og eit kunstverk.

Frå grunngivinga til priskom​​iteen:

«De nye prosedyrene Pham har bidratt til å utvikle, har endret behandling av en rekke tilstander som tidligere trengte kirurgiske inngrep. Innovasjonen bidrar til at pasientene får mindre smerter og raskere tilheling, lavere komplikasjonsrate og mortalitet sammenlignet med konvensjonelle kirurgiske inngrep.»

Forskingsprisen til E​​​va G​​​er​dts

Prisvinnar

Foto: Kjetil Alsvik

Eva Gerdts er kvinna som gjekk sine egne vegar, då ho som ung forskar byrja å interessere seg for for kvinnehjartet. Ho oppdaga på ultralyd at kvinnehjartet var så forskjellig frå hjartet til ein mann. Dei så ulike ut, og hadde ulike mål.

–​ ​Nyleg las eg den første vitskaplege artikkelen min frå 1994, og då tenkte eg: Du var på sporet etter noko, du!

Eva Gerdts var den 8. kvinna i Noreg som blei utdanna hjartespesialist, og den første på Haukeland universitetssjukehus. Men det det var skjær i sjøen på vegen, fortel ho. Eg fekk blant anna høyre frå ein mannleg kollega: "Eva, du høyrest ut som ei gløgg kvinne. Men du bør finne deg noko anna å forske på!"

Den same Eva opna sommaren 2020 Senter for forskning på hjertesykdom hos kvinner ved Universitetet i Bergen.

–​ ​Det er fantastisk å sitte med pasientar og se på hjartet! Det fascinerer meg den dag i dag! Og no kjenner eg på at det er viktig at eg bidrar til at andre, unge blir de nye greinene på treet! Det er fleire unge som har vist seg fram på området, fortel den nybakte forskingsprisvinnaren.​​​

Priskomiteen skriv blant anna:

"Hjertesykdom hos kvinner har stått sentralt i Gerdts sin forskning. Hun har vist at det er kjønnsspesifikke forskjeller i forekomst av hypertensiv hjertesykdom, men hennes forskning omfatter også ny kunnskap om utvikling av aortaklaffestenose samt betydningen av fedme, autoimmun sykdom og inflammasjon ved hjertesykdom.​

Hun har vært ledende i arbeidet med oppbyggingen av et forskningsmiljø hvor fokus på kvinners helse har vært sentralt. Hennes forskning over lang tid på kjønnsspesifikke forskjeller ved utvikling av hjertesykdom er svært solid og på flere områder banebrytende i internasjonal sammenheng."​

​Gerdts får 200.000 kroner og eit kunstverk.