HELSENORGE

Då Aud fekk ein ny sjanse

Aud var dødssjuk, og legane stod utan reelle behandlingsalternativ. Då fekk ho ei ny sjanse. Sjå filmen om korleis modig innovasjon innan intervensjonell endoskopi redda Aud - og samstundes la grunnlaget for nye behandlingsmetodar.

Aud døydde januar 2020. - Mamma fekk bu heime heilt til det siste slik ho ønskte seg. Ho fekk eit kort dødsleie. For oss etterlatte er det godt å vete at dei siste åra til mor blei så gode grunna behandlinga på Haukeland, fortel dottera Anne Beate Andersen. ​

Som 84-åring var Aud uaktuell for levertransplantasjon.  Galle vart drenert bort gjennom eit røyr på utsida av kroppen. Ho hadde sterke smerter, og både ho og legane var skeptiske til om ho ville tole ein større operasjon. 

- Vi var redde, og svært usikre på om mamma kom til å overleve, fortel dottera Anne Beate.

Mor og dotter. foto

- Vi var så redde for å miste mamma, men så fekk vi ho i gåve., sier dottera til Aud, Anne Beate.

Ved gastroenterologisk seksjon, Medisinsk avdeling, var overlege  Khanh Cong Do Pham i teamet som jobba med å utvide bruke av intervensjonell endoskopi. Aud fekk ein ny sjanse, og vart første pasient som fekk løyst problema i magen på ein ny og skånsam måte då eit endoskop vart ført ned i magen. 

- Eg ser meg sjølv som ein rørleggar. Eg bruker diverse metallrør og protesar til å lage nye vegar og passasjar for mat og væske i buken. 
Det er ofte nødvendig når dei naturlege vegane er blokkert på grunn av for eksempel ein svulst. For Aud klarte vi mellom anna å lage ein ny gallegang,  fortel Pham. 
 
I dag  gjer disse nye metodane sjuke kreftpasienter ved Haukeland mindre smerter og ubehag i siste fase av livet. Ofte får dei også  lenger tid med sine kjære.

- Vi har veldig stor nytte av dei prosedyrane som er utført på deg, nesten kvar veke får vi tilvisingar med problemstillingar, spesielt hos pasientar med terminal kreft, og det er der desse metodane har funne sin plass, sier Pham.






Fann du det du leita etter?