Stor interesse for utvikling av nye tenester
Eit stormøte om eHjerteRehab på Haukeland nyleg samla interesserte frå både inn- og utland. Totalt fekk over 100 deltakarar høyre om digital hjarterehabilitering og utvikling av nye tenester.

Blant deltakarane og foredragshaldarane i møtet var både Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør i Helse Bergen og byrådsleiar Christine Meyer. På scenen var også Helse Vest, ForHelse, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, YouWell og brukarane representert.
- Spennet i foredragshaldarar er eit tydeleg signal om at vi samarbeider om utvikling av nye helsetenester. I salen var det også mange tidlegare pasientar og andre interesserte til stades, fortel professor og prosjektleiar Tone M Norekvål ved Hjarteavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.
Tid og stad den største skilnaden
eHjerteRehab er eit elektronisk program som hjartepasientar skal følgje gjennom rehabilitering. Programmet har mange fellestrekk med hjarterehabilitering på sjukehuset, berre at pasienten kan gjere det når som helst og heime i si eiga stove.
Ifølge Norekvål er tid og stad den største skilnaden frå tradisjonell hjarterehabilitering.
-Vi må imidlertid evaluere om digitale tenester har like god effekt. Det er for få studiar på dette, understrekar ho.

Ein av dei som har bidratt i utviklinga av det digitale programmet, og som heldt innlegg på møtet sist veke, er Alf Johannes Agcaoili Borge (40). Han fekk hjarteinfarkt i ein alder av 36, og har sjølv hatt stor nytte av tradisjonell hjarterehabilitering.
Dette sa han då han vart intervjua etter at eHjerteRehab hadde fått 16 millionar kroner frå Forskningsrådet i fjor:
- Eg synest hjarterehabilitering burde vore obligatorisk etter hjartesjukdom, og håper at eit tilbod om ehjarterehabilitering kan føre til at fleire får ta del i programmet. Dette vil kunne gi ein moglegheit til dei som bur på stader der tilbodet ikkje finst, og til dei som av ulike årsaker ikkje kjem seg dit sjølv om det finst eit tilbod.
Han legg til at utbyttet av å delta er stort.
- Hjartesjukdommen er noko du skal leve med resten av livet. Gjennom hjarterehabiliteringa blir du del av eit fellesskap, og du får ein tryggleik i forhold til både kosthald, medisin og trening, understrekar han.
Her kan du lese meir om tildelinga og Borge
16 millionar til eHjerteRehab - Helse Bergen HF
Tett oppfølging
eHjerteRehab inneheld både filmsnuttar, animasjonar og forklarande tekst. Der får pasientane vite kva som er viktig i tida etter at dei er utskrivne frå sjukehuset. Ein filmsnutt viser pasienten konkrete øvingar han eller ho må gjere som eit ledd i behandlinga. I tillegg vil det vere sanntidstrening i gruppe med fysioterapeut. Programmet inneheld også rettleiing om kosthald, medisinbruk og nikotinslutt. Pasientane set sine mål og gjer registreringar inn i programmet sjølve - til dømes på fysisk aktivitet. Pasientane kjem til å ha oppmøte på sjukehuset ved oppstart og avslutning av programmet. Det vert også digitale møter undervegs.
- Det er viktig å understreke at pasienten får tett oppfølging og ikkje blir overlaten til seg sjølv på nettet. På denne måten kan fleire pasientar få tilbod om viktig sekundærpreventiv behandling som er sterkt anbefalt i internasjonale retningslinjer, seier Tone M Norekvål.