Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

16 millionar til eHjerteRehab

Norges forskningsråd har tildelt 16 millionar kroner til digital rehabilitering av hjartepasientar gjennom prosjektet eHjerteRehab.

Publisert 04.09.2023
Eldre mann i treningsklær ser på mobilen
Illustrasjonsfoto: Colourbox
​eHjerteRehab er eit elektronisk program som hjartepasientar skal følgje gjennom rehabilitering. 
Ifølge professor og prosjektleiar Tone M Norekvål ved Hjarteavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, er tid og stad den største skilnaden frå tradisjonell hjarterehabilitering.

Portrett av lyshåret kvinne i hvitt

Professor Tone M. Norekvål. Foto: Anne Sidsel Herdlevær

​- Programmet har mange fellestrekk med hjarterehabilitering på sjukehuset, berre at pasienten kan gjere det når som helst og heime i si eiga stove, seier ho.

Programmet vil innehalde både filmsnuttar, animasjonar og forklarande tekst. Der vil pasienten få vite kva som er viktig i tida etter at dei er utskrivne frå sjukehuset. Ein filmsnutt kan vise pasienten konkrete øvingar han eller ho må gjere som eit ledd i behandlinga. I tillegg vil det vere sanntidstrening i gruppe med fysioterapeut. Programmet vil også  innehalde rettleiing om kosthald, medisinbruk og nikotinslutt. Pasientane set sine mål og gjer registreringar inn i programmet sjølve - til dømes på fysisk aktivitet.

Fellesskap og tryggleik

Alf Johannes Agcaoili Borge (39) fekk hjarteinfarkt i ein alder av 36, og har sjølv hatt stor nytte av tradisjonell hjarterehabilitering. No bidrar han i utprøvinga av den  digitale varianten.

- Eg synest hjarterehabilitering burde vore obligatorisk etter hjartesjukdom, og håper at eit tilbod om ehjarterehabilitering kan føre til at fleire får ta del i programmet, seier han.
- Dette vil kunne gi ein moglegheit til dei som bur på stader der tilbodet ikkje finst, og til dei som av ulike årsaker ikkje kjem seg dit sjølv om det finst eit tilbod. 

Han legg til at utbyttet av å delta er stort.
- Hjartesjukdommen er noko du skal leve med resten av livet. Gjennom hjarterehabiliteringa blir du del av eit fellesskap, og du får ein tryggleik i forhold til både kosthald, medisin og trening, understrekar han.
I utprøvinga av den digitale varianten bidrar han mellom anna med innspel om kva som er viktig å ha med i programmet, og korleis ein skal få pasientar til å ta det i bruk. 

​Langt fleire vil kunne få rehabilitering

Den digitale rehabiliteringa vil kunne bli eit tilbod ved alle sjukehus som utfører utblokking av kransarteriar hos pasientar som har gjennomgått hjarteinfarkt (PCI).
I Noreg blir det behandla 12 000 pasientar årleg med PCI. Trass i betre behandlingsmetodar lever desse pasientane med ein kronisk hjartesjukdom som har konsekvensar for både individ, helsevesen og samfunn. På landsbasis deltar over 80 prosent  av pasientane ikkje i hjarterehabilitering.  

Dette er på grunn av stort pasientvolum og få rehabiliteringsprogram. I tillegg er reisevegen lang for fleire pasientar. Eit elektronisk program gjer det mogleg å tilby rehabilitering til langt fleire, seier Norekvål. 
Ho legg til at eHjerteRehab skal vere eit tilbod i tillegg til dei som allereie finst.
- Til liks med all anna hjarterehabilitering er målsetnaden til eHjerteRehab å styrke pasienten si evne til å ta styring over eiga helse og gjera nødvendige livsstilsendringar for å førebyggje nye hjartehendingar, understrekar Norekvål. 

Skreddarsøm

Frå før har prosjektet ved Hjarteavdelinga på Haukeland universitetssjukehus fått både innovasjonsmidlar og forskingsmidlar frå Helse Vest. Den nye tildelinga frå Forskingsrådet gjer at prosjektet no kan utvidast.
- Vi veit at det er nokre grupper som har større utfordringar med å ta i bruk e-helse-teknologi enn andre, for eksempel blant eldre og blant dei med ein annan kulturell bakgrunn, seier prosjektleiar Tone M Norekvål. 
- Vi veit òg at kvinner blir både sjeldnare tilvist og sjeldnare deltar på hjarterehabilitering enn menn, og vi veit at dei som har andre sjukdommar å meistre i tillegg deltar sjeldnare. Tildelinga frå Forskingsrådet gjer at vi no får moglegheit til å i endå større grad sjå på om dette har betydning for programmet, om det må endrast eller tilpassast slik at fleire kan delta. Kanskje må vi legge endå meir vekt på å skreddarsy programmet for ulike grupper.


Lege kan tilvise

Når programmet er ferdig utvikla vil pasientar kunne få tilbod om eHjerteRehab etter at dei har vorte tilviste av lege. eHjerteRehab vil vera tilgjengeleg med BankID innlogging, og kan brukast på PC, smarttelefon eller nettbrett. Løysinga gjer det mogleg å ha digital kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell som tek vare på  personvernomsyn.