Norsk intensivregister (NIR) brukast som nemning på den delen av Norsk intensiv- og pandemiregister som handlar om intensivpasientar. Norsk intensiv- og pandemiregister er eitt av dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra i Noreg, og er omfatta av Forskrift for medisinske kvalitetsregistre. Du kan lese om den delen av Norsk intensiv- og pandemiregister som omfattar pandemi, på nettsida Norsk pandemiregister.

NIR er bygd på opplysningar om pasientar som er behandla ved norske intensiveiningar. Føremålet med å samle desse opplysningane er å utarbeide faglege kvalitetsindikatorar for verksemda i norske intensiveiningar, å gje rapport om verksemda ved norske intensiveiningar og skape grunnlag for forskning med behandling av pasientar ved intensiveiningar som emne.
Kva er intensivmedisin?
Intensivmedisin er overvaking og behandling av pasientar med trugande eller etablert
akutt svikt i èin eller fleire vitale organfunksjonar (lungefunksjon, blodsirkulasjon,
sentralnervesystemfunksjon osv.).
Kva kjenneteiknar intensivmedisinen?
Variasjon (heterogenitet) i pasientgrunnlaget. Det er mange ulike sjukdommar og skadar som kan føre til at ein pasient treng intensivbehandling. Intensivmedisinen tek difor hand om pasientar i alle aldersgrupper og med eit vidt spekter av medisinske tilstandar og diagnosar.
Spesialisering og høg ressursbruk. Moderne intensivmedisin føregår i eigne avdelingar/-avsnitt i sjukehusa, med spesialutdanna personale og avansert utstyr.
Lite standardisering. Det har fram til dei seinare åra i avgrensa grad funnest allmennt utbreidde standardar og etablerte retningsliner for intensivmedisinsk behandling.
Høg dødelegheit. Sidan intensivmedisinen tek hand om kritisk sjuke og skadde pasientar, er dødelegheita naturlegvis høgare enn på mange andre felt i medisinen. Likevel overlever kring 4 av 5 norske intensivpasientar sjukehusopphaldet.
Ulik organisering. Intensivmedisinen i Noreg er (som i andre land) ulikt organisert, både med tanke på drift, terapival og kvar avdelingane høyrer til i systemet. På mellomstore og mindre sjukehus er det vanleg at intensivaktivitet og overvaking etter operasjon føregår på det same arealet. I NIR-samanheng blir difor intensiv/overvakingsarealet brukt som ei fellesnemning.
Det finst generelle intensiveiningar (med «heile» spekteret av pasientar), medisinske og kirurgiske intensiveiningar, og også meir spesialiserte einingar, som til dømes barneintensiv, hjartemedisinsk intensiv og nevrointensiv.
Om Norsk intensivregister (NIR)
På www.kvalitetsregistre.no kan du lese meir om føremålet med registra, om jus, personvern, lovverk og datatryggleik. Her finst også oversikt over alle registra med resultat.
Vedtekter for Norsk intensivregisterRetningslinjer
Årsmøte og Fagdagar
Presentasjonar frå Årsmøte
Presentasjonar frå Fagdagar
Fagdag i NIPaR 2020
Registerseminar:
Norsk intensivregister seminar Flesland 27.05.19.pdf
Pasient 1.pdf
Pasient 2.pdf
Pasient 3.pdf
Aktuelle lenker
SSAI
Norsk anestesiologisk forening (NAF)
Svenska intensivvårdsregistret - SIR
Dansi Intensiv Database (DID)
ICNARCNorsk sykepleierforbund (NSF) Other languages
Kontaktinformasjon
Norsk intensivregister (NIR)
norskintensivregister@helse-bergen.no
Telefon: 55 97 70 56 / 55 97 67 94
MEDIAHENVENDELSER
Alle mediahenvendelser skal gå gjennom Kommunikasjonsavdelinga
Verdt å vite:
Ferdigstilling av NIR- data for 2020
Registrering for 2020 må være ferdig innen 31. mars. Dette inkluderer beredskapsskjema og influensaskjema
REGISTERSEMINAR 10. MAI 2021 - Thon hotel Bergen Airport
ÅRSMØTE OG FAGDAG 2021- 18. - 19. november Radisson blue Gardermoen
Fagdag i NIPaR 13.nov. 2020:
Opptak fra Fagdagen 2020 NIPaR hadde i samarbeid med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet
Covid-19-pandemien: webinar om håndteringen av pandemien
Opptaket vil du også finne på Norsk pandemiregister