Parkering
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, om å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta bybane eller buss det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsaker må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Det er og mogeleg å parkere i parkeringsanlegget til Haraldsplass diakonale sykehus som ligg rett nord for Haukelandsområdet.
Parkering på Haukelandsområdet
Det største området der pasientar kan parkere er parkeringsdekket i Sentralblokka. I tillegg er det eit parkeringshus på sjukehusets hovudområde, like etter innkjøyringa til sjukehusområde ved Haukeland hotell (pasienthotellet), samt enkelte spreidde parkeringsplassar i sjukehusparken og i underetasjen til Haukeland hotell.
Det er også parkering i Glasblokkene, med reserverte parkeringsplassar for dei fødande som skal til Kvinneklinikken.
Sjå kart med merka parkeringsplassar på Haukelandsområdet (PDF)
Gratis / redusert parkeringsavgift
Nokre grupper slepp å betale for parkeringa. Dette gjeld personar med forflyttingshemming, blodgivarar, dialysepasientar, pasientar som er fritatte frå eigendel på grunn av lang ventetid og frivillig besøksteneste.