Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Forløpskoordinator psykisk helse og rus
Pakkeforløp for psykisk helse og rus har blitt innført stegvis frå 1. januar 2019. Pakkeforløpa skal gi deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødvendig ventetid. Du skal få meir innverknad på behandlinga, og ein skal systematisk evaluere undervegs.
Målet er at pakkeforløpa skal medverke til at pasientar og deira pårørande får eit meir føreseieleg tilbod med mindre variasjon, og eit meir likeverdig tilbod uavhengig av kor i landet dei bur.
Eit viktig tiltak er forløpskoordinator ved alle avdelingar som tilbyr pakkeforløp. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med bestilling av timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.
Forløpskoordinatoren kan bli kontakta av både pasient og fastlegar.
Forløpskoordinatorar - psykisk helsevern og rus
Forløpskoordinator Pakkeforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Skogvold, Veronica Hyun Mi Han Telefon
91 30 20 30
Forløpskoordinator Pakkeforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne
Forløpskoordinator Pakkeforløp mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar, vaksne
Akutt / korttid (Psykiatrisk akuttmottak / Avd. for stemningslidingar / Avd. for spesialisert psykosebehandling): Aarseth, Margit Seldal - telefon
55 95 84 73 Kristiansen, Nina Jensen - telefon
55 95 85 92
Avdeling for spesialisert psykosebehandling, poliklinikk: Augustin, Torill Kvinge - telefon
55 95 88 01
Pakkeforløp for kreft
Pakkeforløp er nasjonale standardiserte pasientforløp som er fagleg baserte og normgivande. Pakkeforløpa skal bidra til meir føreseieleg utgreiing og behandling, og samtidig bidra til auka tryggleik for pasientane.
Det er etablert 28 pakkeforløp for kreft og 31 diagnoserettleiarar for fastlegane.