Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Mål 11
CO2e-utslippa våre er redusert med 40 prosent innan 2030 og vi har tiltak som gjer oss klimanøytrale innan 2045*
Dei nasjonale klima- og miljømåla for spesialisthelsetenesta er ambisiøse og skal vere integrert i Haukeland universitetssjukehus si verksemd.
*CO2e står for karbondioksidekvivalentar og er ei samlenemning for alle drivhusgassar.
(3)
Verdas Helseorganisasjon har definert klimakrisa som den største helsetrusselen for menneska. Haukeland universitetssjukehus tar samfunnsansvar på alvor og vil auke merksemda på menneskerettar, sosiale forhold, klima og miljø i den daglege verksemda. Ei berekraftig helseteneste som driv førebygging, sikrar tenester til rett tid, hindrar overbehandling og bruker ressursane godt, bidrar til å nå FN sine berekraftsmål.
Ei berekraftig helseteneste inneber også at vi vil redusere infeksjonar og andre komplikasjonar som oppstår som følge av tenestene og at vi vil digitalisere deler av pasientforløpa. Innføring av IKT-løysingar og utvikling av ny teknologi skal bidra til effektiv sjukehusdrift og ressursforvaltning.
Mål 11 er eit
nasjonalt klima- og miljømål for spesialisthelsetenesta. Det er ambisiøst og tar opp i seg fleire av FN sine 17 berekraftsmål, blant anna ansvarleg forbruk og produksjon, god helse og livskvalitet, i tillegg til rein energi og reint vatn. Vi har tatt i bruk verktøy som klimaregnskap, klimabudsjett og sirkulærøkonomi-tenking for å nå måla. Vi jobbar også for anstendige arbeidsforhold, både i kjerneverksemda og i dei små og store byggeprosjekta våre.
Målet vil bli følgt opp gjennom sjukehuset sin miljøhandlingsplan. Der er det også er sett delmål på vegen mot det ambisiøse målet om klimanøytralitet. Ein finn også tiltak for å nå målet i arealdelplanen (PDF) og teknologidelplanen (PDF). Vidare vil nivå 2-einingane operasjonalisere målet i sine handlingsplanar.
Energiforbruk er redusert med 20 prosent innan 2030 og bruk av gjenvinningskraft har auka
Minimum 20 prosent av dei polikliniske konsultasjonane går over video og telefon
Redusert førekomst av helsetenesteassosierte infeksjonar
Matavfall er redusert med 50 prosent innan 2030
Produkt som ikkje slepp ut helse - og miljøskadelege stoff er auka til 75 prosent innan 2030