I eierskapsmeldinga (Meld. St. nr. 8 (2019-2020)) kjem det klårt fram at staten som eigar forventar at dei regionale helseføretaka er ledande i sitt arbeid med ansvarleg verksemd mellom anna med å redusere sitt klima- og miljøavtrykk.
Spesialisthelsetenesta set, gjennom heile si verksemd, eit solid avtrykk. Det betyr at også potensialet vårt for å kutte utslepp er stort. Omverda, tilsette, pasientar og pårørande har ei forventning om at sjukehusa tek ansvar, og bidreg til å redusera utslepp frå eiga drift. Helsepersonell har høg tillit i befolkninga og er slik i ein god posisjon for å kunne bidra til å påverke i riktig retning.
For å utnytte potensialet for kutt er omstilling naudsynt. RHF-a har sett til det statlege sjukehuset NHS England i miljøarbeidet. Eit sentralt poeng i deira miljøsatsing er at alle medarbeidarar må med for å nå måla. Det er omlag 150.000 tilsette på norske sjukehus. Mange ynskjer å bidra.
Nasjonale klima og miljømål for Spesialisthelsetenesta 2022-2030
Hovudmål
Redusera CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030.
Delmål
- Redusera helsetenesteassosierte infeksjonar
- Redusera energiforbruk med 20 prosent innan 2030 og auka delen gjenvinningskraft
- Minimum 20 prosent av dei polikliniske konsultasjonar skal vera over video og telefon
- Matavfall skal reduserast med 50 prosent innan 2030
- Produkt utan (utslepp av) helse - og miljøskadelege stoff skal vera 75 prosent innan 2030
- Fossilfrie sjukehus og redusert reiseverksemd for tilsette innan 2030
- Miljømedvitne tilsette i alle einingar
