Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Ledige stillinger

Hos oss er det gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Kvart år rekrutterer vi om lag 1000 nye medarbeidarar.

​Vi er rundt 14.000 tilsette frå alle verdsdelar og over 30 forskjellige nasjonar. Vi er alle ulike med forskjellige roller, men vi har eit felles mål om at vi skal vere best mogleg på det vi gjer.

Vi har alltid behov for dyktige og motiverte fagfolk innan dei fleste helsefaglege område. Behovet vårt for arbeidskraft er ikkje berre innan helsefag, vi treng også teknisk, økonomisk og administrativ kompetanse.

Sjukehuset er også fullt av spennande moglegheiter for deg som ønsker lærlingplass. Vi har læreplassar for mellom anna portør, helsefagarbeidar og barne- og ungdomsarbeidar.

Les meir om jobb ​og utdanning

Lærling ved sjukehuset

Helse Bergen er lærebedrift innan ulike fagretningar og tilset lærlingar i både kliniske, tekniske og driftsavdelingar i sjukehuset.
Les meir om lærling ved sjukehuset.
Lærlingar
Sist oppdatert 05.09.2022