Helse Bergen har lærlingar innan fleire fag.
Som lærling får du opplæring og rettleiing. Du skal også bidra med verdiskaping på arbeidsplassen i aukande grad gjennom læretida. Du får løn etter gjeldande satsar. Vi tilbyr læreplassar innan følgjande fag:
Forventningar i læretida
I læretida forventar vi at du:
- følgjer lov- og avtaleverk og arbeidsreglement i Helse Bergen
- møter presis på jobb, har skifta og er klar når arbeidsdagen startar
- medverkar til å skape et godt arbeidsmiljø ved å visa god folkeskikk og normal høflegheit
- stiller på obligatoriske kurs og lærlingsamlingar
- viser engasjement og interesse for faget
- tek ansvar for eiga læring og arbeider systematisk fram mot fagprøve
- er audmjuk for kollegaer og andre lærlingar når det gjeld kunnskap og erfaringar
- tek initiativ og tilbyr deg å hjelpa
- gjer beskjed til næraste leiar om du er sjuk og ikkje kan møte på jobb